Vestland fylkeskommune Hovedbilde

IKT rådgjevar

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Jobbe i eit av vestlandets største Microsoft 365 miljø? Vestland fylkeskommune Sogndal Fulltid
Vestland fylkeskommune Logo

Vestland fylkeskommune

Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norge
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Øyvind Daae Johansen
917 30 197

Søknadsfrist

10. oktober 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Som IKT rådgjevar i Vestland fylkeskommune innan Microsoft 365 vil du jobbe som administrator i eit av vestlandet sine største M365 miljø, med over 30 000 brukere og 46 000 devicer i Azure.

Seksjon IKT har ansvar for lokal IKT-drift av dei fleste IKT-system som vert nytta i Vestland fylkesommune, samt infrastruktur som knyter saman alle lokasjonane. Det er meir enn 150 ulike IKT system og brukarar spreidd på fleire titals lokasjonar i fylket.

Seksjon IKT skal ta i vare alle IKT systema og all IKT-infrastruktur, og sikre at dette til ei kvar tid har riktig kapasitet, oppetid og teknisk sikring i tillegg til at dei understøttar brukarane og verksemda sitt behov. Seksjonen har totalt 80 medarbeidarar i tillegg til IKT-lærlingar, og er organisert i fire faggrupper; service, tenesteleveranse, systemdrift og kjernedrift.

IKT systemdrift leverer tenester til heile Vestland fylkeskommune som M365, print, streaming, telefoni, identitetsforvaltning mm. Innan IKT og spesielt M365 legg vi vekt på høg grad av automatisering for å oppnå robuste og driftsikre brukaropplevingar. Faggruppa leverer i tillegg planlegging av nye løysingar som har eit grensesnitt inn mot seksjon digitalisering og andre fagavdelingar.

Arbeidsoppgåver

  • Drift og forvaltning av Microsoft 365
    • Samhandlingstjenester som t.d Teams, Exchange, Sharepoint.
    • Azure AD
    • Sikkerhet
    • Compliance
  • Delta i fagteama for Azure & on-premises AD, samt vere primus-motor i fagteamet for Samhandling i M365.
  • 3. linje brukerstøtte

Kvalifikasjonskrav

  • Minimum bachelor/ingeniør innan IKT/informatikk, men relevant erfaring kan kompensere for utdanningskrav
  • Erfaring med drift av Microsoft 365 i eit større miljø.
  • Erfaring med administrasjon av løysingar vha PowerShell og GraphAPI
  • God kjennskap til og kunnskap om identiteshånderting og Azure
  • Kjennskap til eller erfaring med applikasjonsforvaltning og/eller applikasjonsansvar
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne

Om deg

  • Serviceinnstilt med fokus på brukarbehov og brukartilfredsheit
  • Positiv innstilling, flink til å kommunisere og flink i dialogen med menneske
  • Vilje til kontinuerleg fagleg oppdatering og fornying
  • Proaktiv, løysingsorientert og oppteken av å få jobben gjort til rett tid
  • Gode samarbeidseigenskapar og ynskje om å understøtte ein delingskultur
  • Trivast med å jobbe både i team og sjølvstendig
  • Bidra til eit godt fagleg og sosialt miljø

Vi tilbyr

  • Du vil få fagleg utvikling og varierte oppgåver, og vere del av eit kompetent og fagleg miljø som har fokus på levere gode tenester til innbyggarane og tilsette i Vestland fylkeskommune
  • Vi er opptekne av at vi skal trivast på jobb, og ha eit godt og uformelt arbeidsmiljø. Slik gjer vi kvarandre gode og skapar engasjement
  • Stillingsnemning ingeniør/rådgjevar/spesialkonsulent etter kvalifikasjonar og erfaring
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune
  • Gode forsikring- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Faglege utfordringar og stimulerande arbeidsmiljø

Andre opplysningar:

Administrasjonsmålet til fylkeskommunen er nynorsk.
Kontorstad Leikanger/Bergen.
Litt reiseaktivitet må påreknast, men det daglege samarbeidet vil vere i digitale møterom.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
Vi gjer merksam på at i fylgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort
sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak frå
offentleg søkarliste vil du alltid bli varsla før søkarlista vert offentleggjort.