Helse Førde Hovedbilde

HR-rådgjevar Helse Førde

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
HR-rådgjevar Helse Førde Helse Førde Sunnfjord Fulltid
Helse Førde Logo

Helse Førde

Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Seksjonsleiar Inger Johanne Sætenes
(+47) 469 29 153

Søknadsfrist

7. august 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

HR-rådgjeving er ein av fem seksjonar i HR-avdelinga. HR-rådgjeving yter leiarstøtte og har systemansvar innan personal og HMS. Seksjonen består i dag av seksjonsleiar,
fire HR-rådgjevarar, ein forhandlingssjef, to juristar/advokat og ein HMS-rådgjevar.

Vi har ledig 100% fast stilling som HR- rådgjevar. Vi søkjer etter ein fagleg dyktig, engasjert og utviklingsorientert medarbeidar. Vi tilbyr eit sterkt fagmiljø og engasjerte kollegaer.

Oppstart stilling: snarast/etter avtale

Arbeidsoppgåver

  • Vere kontaktpunkt mot klinikkdirektør og leiargruppe
  • Informere og gjennomføre opplæring av leiarar og tilsette innan HR-faget
  • Rådgje innan gjeldande lov- og avtaleverk
  • Bidra til effektivisering av HR-prosessar
  • Sakshandsaming
  • Utvikling og implementering av måltal knytt til HR
  • Delta i prosjekt og tverrgåande arbeid i organisasjonen etter behov
  • Andre HR-relaterte oppgåver

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant høgare utdanning
  • Fordel med erfaring som leiar eller personalarbeid
  • Kunnskap om lov- og avtaleverk
  • Gode IKT - kunnskapar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Om deg

  • Har fagleg god vurderingsevne
  • Er resultat- og løysingsorientert
  • Har evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
  • Har gode samarbeidsevner
  • Er engasjert og motivert
  • Trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Utfordrande oppgåver i ein stor og profesjonell kompetanseorganisasjon
  • Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Eit føretak som ligg i forkant når det gjeld bruk av elektroniske HR-system
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale