Helsesekretær ved Legetenesta, vikariat

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Gloppen kommune Gloppen Deltid
Gloppen kommune Logo

Gloppen kommune

Grandavegen 9
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Sidsel Lofnes hauge
99505360

Søknadsfrist

14. oktober 2022

Om stillinga

Gloppen legesenter ligg på Sandane. Det er tilsett sju fastlegar, turnuslege, 2 helsesekretærer, bioingeniør og 2 sjukepleiarar
Legesenteret er kommunalt og bygt i 2012. Lokala er lyse med utsikt utover fjorden frå kontoret.

Vi har ledig 90 % vikariat som helsesekretær ved Gloppen legesenter med tilsetting frå 01.01.2023 – 01.01.2024 med moglegheit for forlenging.

Arbeidsoppgåver

Den tilsette vil få ansvar for blodprøvetaking og anna laboratoriearbeid. Ekg , handtering av 24t BT apparater og ein del merkantile arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonskrav

  • Vi søkjer primært etter ein person som er utdanna helsesekretær, men også andre med relevant helsefagleg utdanning vert oppmoda om å søkje
  • Vi ynskjer ein person som er ansvarsbevisst, sjøvstendig og som kan jobbe i team.
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg,
  • Personleg kvalifikasjonar, interesse og kunnskap innan IKT vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
  • Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.