Helsefagarbeidar ved Svelgen omsorgssenter

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Bremanger kommune Bremanger Fulltid

Om stillinga

Er du helsefagarbeider og ønskjer deg ei fast heil stilling med gode kollegaer og spennande oppgåver? I Bremanger kommune, for tida Svelgen Omsorgssenter – er det ledige 100% faste helsefagarbeiderstillingar.

Svelgen Omsorgssenter stod ferdig i mars 2016. Her bur pasientane i lyse og trivlege omgjevnader og medarbeidarane har fått ein heilt moderne og tilrettelagd arbeidsplass.

Arbeidsdagen hos oss er variert, kor du lærer mykje på kort tid. Svelgen Omsorgssenter har 48 bueiningar, fordelt på 5 avdelingar. Avdelingane er fordelt etter diagnoser og ulike hjelpebehov. Vi har også eit lindrande rom.

Vi arbeider i årsturnus, kor medarbeidarane har anledning til å få innverke på arbeid –og fritida si.

Arbeidsoppgåver

Vi har fleire ressursteam, der det er mogleg å fordjupe seg, m.a. rehabilitering, demens, akuttmedisin, palliativ omsorg og kreft.

  • Stor breidde i pasientgruppa, både når det gjeld alder og medisinske behov.
  • Heilskapleg omsorg for eldre menneseker
  • Ivareta pasientane sine individuelle behov
  • Moglegheit for å delta i ressursgruppe
  • Dokumentasjon, rettleiing, undervisning m.m.

Kvalifikasjonskrav

  • Må ha norsk aurorisasjon som helsefagarbeider
  • Like å arbeide i team
  • Vere innstilt på endringar
  • Legge fram politiattest av nyare dato
  • Må beherske norsk godt både skriftleg og munnleg

Om deg

Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte medarbeidarar. For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre pasientar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og anbefalte behandlingsmetodar.

Serviceinnstilling og personleg egenaheit vektleggast

Vi tilbyr

  • Gode kollegaer med godt humør og stå-på vilje
  • Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver
  • God pensjonsordning, og heildøgns forsikring
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personlig utvikling
  • Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass

    Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!

    Ring oss gjerne for en prat, så fortel vi meir!