Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Høgskulen på Vestlandet | Bergen | Fulltid |
Dette er Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 600 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon (AFII) omfattar felles administrasjon og forvaltning knytt til høgskulen sine forskings- og innovasjonsaktivitet samt internasjonaliseringsaktivitet. Avdelinga skal utviklast vidare og støtte opp under den faglege profilen og universitetsambisjonen til HVL
Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon, har ledig fast 100% stilling som forskingsrådgjevar (rådgjevar/seniorrådgjevar)
Om stillinga:
Stillinga er lagt til Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon (AFII), i avdelingsleiar si linje. Avdelinga sitt ansvarsområde er rådgjeving, administrasjon og sakshandsaming knytt til HVL sine forskings-, internasjonaliserings- og innovasjonsaktivitetar, og vi skal legge til rette for at høgskulen lukkast i å nå målsettingane i høve til desse områda, følge opp HVL sine strategiar og støtte opp under universitetsambisjonen til HVL.
Forskingsadministrasjonen er ein del av AFII. Våre kompetanseområde omfattar ekstern finansiering av forsking og innovasjon, avtale- og kontraktsinngåing knytt til forsking og innovasjon, IPR og nyttiggjering av forskingsresultat, forskarutdanning, forskingsetikk og personvern i forsking og strategisk utviklingsarbeid knytt til forsking og innovasjon.
Vårt ansvar er heile HVL og vi jobbar på tvers av fakultet og campus.
Arbeidsstad for stillinga kan vere eitt av dei fem campusa ved HVL; Bergen, Førde, Haugesund, Sogndaleller Stord
Ansvarsområde lagt til stillinga er administrasjon, rådgjeving og forvalting knytt til høgskulen sine forskings- og innovasjonsaktivitetar med særleg vekt på området utgreiing og analyse. Rådgjevaren skal vere pådrivar for å utvikle kunnskap som bidreg til at HVL når sine strategiske ambisjonar, utarbeide og kvalitetssikre kunnskapsgrunnlag til HVL si leiing innan ansvarsområdet.
Arbeidsoppgåver lagt til stillinga inkluderer:
Formell utdanning og kompetanse:
Ønska kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
Personleg eignaheit vil bli vektlagd.
Stillinga som forskingsrådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar eller 1364 - seniorrådgjevar, etter kvalifikasjonar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:
Avdelingsleiar Eirin Fausa PettersenTlf. 55 58 75 19, e-post: Eirin.Fausa.Pettersen@hvl.no
Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.
Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Les meir på våre heimesider.