Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Bremanger kommune | Bremanger | Sommerjobb |
Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte medarbeidarar for sommaren 2023 som kan tenkje seg å arbeide som heimehjelp. Vi treng vikarar til å bistå brukarar som har fått innvilga praktisk bistand, eller vere med å bistå heimesjukepleien om dette er naudsamt.
Søkjarar til heimehjelp må ha sertifikat til bil og gjerne moglegheit til å nytte privat bil.
Den som vert tilsett må kunne nytte norsk munnleg og skriftleg godt, då kommunikasjon og dokumentering er ein viktig del av arbeidet.
Vi søkjer personar med erfaring frå pleie og omsorg, gjerne ferdig utdanna – eller under utdanning innen helse – og sosialfag. Personar med interesse for helsefaget er positive og arbeidsvillege – er òg hjartleg velkomne til å søkje.
Vi kan tilby utfordrande og spanande arbeidsoppgåver i godt arbeidsmiljø ilag med erfarne kollegar.
Løn
Høgskulestudentar under relevant utdanning, lønnar Bremanger Kommune over tariff.
Etter fullført godkjent utdanning vert ein lønna som fagpersonell som ellers i kommunen.
Tilsetjing skjer etter gjeldande lover og reglar.
Hovudferieavviklinga vår er veke 26-33. Vi ynskjer at sommarvikarane arbeider minimum 4 veker i løpet av sommaren. Dei som får tilbod om arbeid må arbeide i alle fall i vekene; 29,30 og 31.
Alle som får tilbod om arbeid må legge ved godkjent politiattest. Dette må vere i orden før ein startar i sommarjobben.
Det kan også vere aktuelt å forlenge engasjementet vidare utover året eller i helgane.