Helse Førde Hovedbilde

Psykiatrisk klinikk har 100% fast stilling ledig for fagrådgjevar ved Vaksenhabilitering.

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Fagrådgjevar/Miljøterapeut Helse Førde Sunnfjord Fulltid
Helse Førde Logo

Helse Førde

Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Roland Schwarz, seksjonsleiar
907 74 518

Søknadsfrist

14. august 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Stillinga er ledig frå 02.11.2022.

Vaksenhabilitering har 7 fagstillingar med forskilleleg yrkesbakgrunn som jobbar med menneske med utviklingshemming, autismespekterforstyrring , og samansatte vanskar som atferdsproblem/psykiske helsevanskar. Vi jobbar både ambulant i tiltaka til brukarane og poliklinisk. Fagrådgjevar har tett samarbeid innover i spesialisthelsetenesta, kommunale helse-og omsorgstenester og med pårørande.

Vaksenhabilitering er ein av seksjonane under Psykiatrisk klinikk. Seksjonen samarbeider med distriktpsykiatriske sentrer både i Sogndal og Norfjordeid og andre avdelingar på sentralsjukehuset. (nevrologisk avdeling, medisinsk avdeling, barnehabilitering og BUP)

Fagrådgjevar jobbar tett saman med fagpersonar i kommunane og med pårørande.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Arbeidsoppgåver

  • Bistå kommunale tenester på fleire nivå i arbeidet med personar som har samansette vanskar
  • Observasjon og kartlegging i pasientens heimemiljø
  • Utarbeide behandlings-og tiltaksplan, iverksette og følge opp miljøterapeutiske tiltak
  • Rettleiing og kursverksemd
  • Samarbeid med pårørande
  • Oppgåver knytt til ansvaret spesialisthelsetenesta har med omsyn til KHOL kap. 9.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer fagrådgjevar som har klinisk erfaring og utdanning som vernepleiar, sosionom, ergoterapeut eller anna relevant helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning.
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.
  • Interessert i å vere med på nye behandlingsmetodar t.d. e-mestring og andre digitale løysingar
  • Erfaring og kunnskap i miljøbehandling og arbeid med utfordrande atferd er ønskeleg
  • Erfaring med brukarmedverknad og samarbeid med pårørande og tenesteytere er ønskeleg.
  • Førarkort

Personlege eigenskapar

  • Evne til å jobbe i tverrfagleg team og på tvers av seksjonar
  • Evne til å jobbe målretta og analytisk
  • Evne til å ha fokus på brukarmedverknad og pårørandesarbeid
  • Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.