Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
NAV Økonomiteneste | Sogndal | Fulltid |
Ynskjer du å jobbe med økonomi i eit stort og framtidsretta fagmiljø? No har du sjansen til å bli ein del av NAV Økonomiteneste på Leikanger.
NAV Økonomiteneste er ein intern tenesteleverandør for lønns- og rekneskapstenester til NAV. No styrkar vi laget med fast og mellombelse stillingar i seksjon for innkjøp, betaling og rekneskap.
Økonomiområdet i NAV er i stadig utvikling, og vi har nyleg teke i bruk fleire nye digitale løysingar for å utføre oppgåvene meir effektivt og auke kvaliteten på tenestene våre. Samtidig førebur vi oss på å ta i bruk statlege rekneskapsstandardar (SRS).
Seksjonen har spennande oppgåver innan bestilling, faktura og betaling på driftsområdet. I tillegg har vi ansvar for utbetaling av stønader og andre rekneskapsoppgåver som til dømes avstemmingar og rapportering til statsregneskapet. Vi har og ei viktig rolle med å jobbe forebyggande og gjennomføre analysar for å sikre god rekneskapskvalitet i heile etaten.
Oppgåvene dine vil kunne endre seg ut frå dine interesser og vårt behov for din kompetanse.
Vi ønskjer at du har god økonomiforståing og kjennskap til statleg regelverk på området.
Du er velkomen til å søke både som nyutdanna eller om du har lang arbeidserfaring. Motivasjon for stillinga og personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på.
Kven er vi?
NAV Økonomiteneste (ØT) er ein intern tenesteleverandør som leverer lønns- og rekneskapstenester til alle NAV sine statlege einingar. Dette inneber mellom anna utbetaling av 560 mrd. kroner i årlege ytingar, samt rettleiing for etaten sine 22 000 tilsette. NAV Økonomiteneste har ei viktig rolle for å sikre god rekneskapskvalitet i NAV. Eininga består av 95 tilsette fordelt på tre seksjonar og er lokalisert på Leikanger i Sogndal kommune, Vestland fylke.
Sognefjordvegen 56
6863 Leikanger