
| Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
|---|---|---|---|---|
| Økonomimedarbeidar - vikariat | Enivest | Sunnfjord | Fulltid |

Vi i Enivest søker ein engasjert og strukturert økonomimedarbeidar som kan steppe inn i eit eittårig vikariat frå januar/februar 2026, medan ein av våre medarbeidarar er i permisjon. Du vil bli ein del av innsiktsavdelinga, som består av økonomi, analyse og produkt.
Her vil du samarbeide tett med rekneskapsansvarleg og andre i organisasjonen, og få ansvar for varierte og viktige oppgåver innan økonomistyring og administrasjon. Vi er opptekne av god overlapping og opplæring, og vil legge til rette for ein grundig introduksjon i god tid før permisjonsstart.
Som økonomimedarbeidar vil du jobbe tett med rekneskapsvarleg og saman ha fokus på å sikre høg kvalitet, internkontroll og beste praksis i rekneskapsprosessar, periodeavslutningar og årsoppgjer. Du spelar ei viktig rolle i å sikre stabil dagleg drift ved å halde system og oppgåver oppdaterte, og sørge for at alle saker vert handtert effektivt og presist.
Du er ein sjølvstendig og strukturert person som likar å ha orden i sysakene. Du trivst med tal og detaljar, men har også forståing for korleis økonomi heng saman med drift og strategiske val.
Vi ser for oss at du har:
Hos oss vil du få gode utviklingsmoglegheiter i eit framoverlent miljø med fagleg dyktige kollegaer som støttar og inspirerer kvarandre. Vi legg stor vekt på å satse på våre tilsette, og fremje ein delingskultur med korte linjer og samarbeid på tvers av fagområder.
Enivest er ein engasjert samfunnsaktør og er aktiv i fleire lokale initiativ og prosjekt. Vi jobbar for å auke attraktivitet og bulyst i distriktet, samt leggje til rette for regional vekst og verdiskaping.
I Enivest verdset vi mangfald og trivsel på arbeidsplassen, og vi er opptatt av å legge til rette for at våre tilsette skal kunne utvikle seg både fagleg og personleg.
Stillinga rapporterar til CFO, og arbeidsstaden vil vere på vårt kontor i Førde, med moglegheit for fleksible løysingar.
For ytterligare informasjon kan du kontakte Jan Reidar Kalstad på tlf. 975 44 723, eller Renate Sæterbakken på tlf: 918 61 103