Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Stad kommune | Stad | Fulltid |
Stad kommune har ledig 100 % fast stilling som driftsteknikar med fagutdanning som elektrikar i eining for eigedom.
Eininga eigedom har ansvaret for drift og vedlikehald av kommunale bygg. Eininga dekkjer heile Stad kommune sin portefølje av kommunale bygg frå utleigebygg til institusjonar. Eininga har bedriftselektrikar i ytre.
Kommunen sin "strategiplan for drift og vedlikehald av kommunal bygg" er styrande for mål, strategiar, prioriteringar og satsingsområde.
Arbeidstad er for tida Nordfjordeid.
Stad kommune har 6 månader prøvetid. Attestar og vitnemål skal lastast opp saman med søknaden.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om utlysninga kan du ta kontakt med einingsleiar eigedom, Tore Nyhammer-Taklo.