Barnehagelærarar

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Gloppen kommune Gloppen Fulltid

Om stillinga


Gloppen kommune har tre kommunale barnehagar. Alle barnehagane i Gloppen jobbar med kvalitet og leiing /resultatleiing. Administrasjonsmålet er nynorsk. Det er låg arbeidsløyse i kommunen og både næringsliv og kommunen har trong for kompetente medarbeidarar på nær sagt alle kompetansenivå. Besøk kommunen si nettside for informasjon om kommunen og kva vi har å by på.

Vi lyser ut stillingar som no er ledige:
- Hyen barnehage, 100 % fast stilling som barnehagelærar.
- Mona barnehage, 60% vikariat barnehagelærar for barnehageåret 22/23. Mogeleg for større stilling om du kan gå inn som vikar på ulike avdelingar og evt barnehagar.

Mona barnehage:


Hyen skule og barnehage:

  • Barnehagen har 1 avdeling og har felles administrasjon med skulen.
  • Meir informasjon om barnehagen: http://www.hyen.skule.no

Arbeidsoppgåver

  • Barnehagelærar skal ha ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av pedagogisk arbeid.
  • Den tilsette må jobbe i tråd med resultatleiing og den beste praksis som er definert.
  • Alle tilsette skal jobbe i tråd med rammeplanen og årsplan for barnehagen.

Kvalifikasjonskrav

  • Godkjent pedagogisk utdanning for arbeid i barnehage
  • Digital kompetanse
  • Migrasjonskompetanse/spesialpedagogisk kompetanse
  • Kan nytte nynorsk som skriftspråk og snakke godt norsk
  • Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
  • Struktur og tydeleg leiing av barnegruppe
  • Fokus/kompetanse på språkutvikling, livsmeistring og Circle of security (COS).
  • Erfaring eller kompetanse innan rettleiing
  • Erfaring eller interesse for estetiske fag

Om deg

Vi søkjer etter engasjerte medarbeidarar som er positivt innstilt til endringsarbeid. Vedkommande må vere reflekterte kring fagleg utvikling. Våre nye medarbeidarar må vere ansvarsbevisste, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i team. Dei må ha fokus på samspel og relasjon og det å vere ein del av kontinuiteten på avdelinga. Vedkommande må vere strukturert og ha tydeleg gruppeleiing. Erfaring i forhold til satsingsområda til den einskilde barnehage vil telje positivt.

Personlige eigenskapar vert tillagt stor vekt i den samla kvalifikasjonsvurderinga.
Om søkjarane blir vurdert likestilt vil menn bli føretrekt.

Vi tilbyr

  • Løn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis.
  • Barnehagar med fokus på fag og utvikling.
  • Godt arbeidsmiljø
  • Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
  • Det må leverast politiattest før tiltreding.