Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Avdelingsleiar ved Miljøarbeidertenesta (4539757658) | Gloppen kommune | Gloppen | Fulltid |
Miljøarbeidertenesta yter tenester til menneske med psykisk utviklingshemming og psykiske lidingar. Nordåsen, Åsateigen, Åsavegen og Myklebusttunet yter tenester til vaksne bebuarar som bur i eigne bustadar med heildøgnsbemanning. Uteteamet bistår menneske som har behov for teneste i eigne bustadar i kommunen. Solsikka er ein avlastningsbustad for barn og unge 0-18 år.
Miljøarbeidertenesta har ledig stilling som avdelingsleiar i 100 % stilling. Ved behov vil det vere forventa at avdelingsleiar arbeider i miljøet.
Stillinga er midlertidig fram til 31.12.22, med fast tilsetting som miljøterapeut om stillinga ikkje blir vidareført.