100% fast stilling ved Svelgen barnehage

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Bremanger kommune Bremanger Fulltid

Om stillinga


Svelgen oppvekst er eit oppvekstsenter med 2 barnehagar og ein barne- og ungdomsskule, og er den største driftseininga innan oppvekstsektoren i kommunen. Svelgen barnehage har 2 avdelingar med born i alderen 2 – 6 år. Langeneset barnehage har 2 avdelingar med born i alderen 1 – 3 år. Både barnehagane og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år. Barnehagane arbeider tett saman og har felles pedagogisk plattform. Vi har tilpassa og utvikla vår eigen metodikk i høve til PALS, og vi arbeider målretta i høve til språk og resultatleiing. Bremanger kommune arbeider og med satsinga ; «Inkluderande barnehage- og skulemiljø», og vi har valt INKLUDERANDE BARNEHAGAR som fokustema. Psykisk helse, mangfald og samarbeid med heimen er hovudtema i satsinga.

Frå 01.11.22 har vi ledig inntil ei 100 % fast stilling i våre barnehagar i Svelgen. Primært barnehagelærar/førskulelærar. Vernepleiar, barne- og ungdomsarbeidar eller andre med kompetanse og erfaring med arbeid med barn og unge oppmodast òg om å søkje.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeide målretta i høve til barnehagen sitt pedagogiske arbeid og satsingsområde, i samarbeid med resten av personalet, foreldre og andre samarbeidspartnarar.
  • Bidra til kompetanseheving og nytenking i barnehagen.
  • I samarbeid med pedagogisk leiar ha eit fagleg ansvar for ei barnegruppe.
  • Ha fokus på fagleg utvikling, rettleiing og dokumentasjon.

Kvalifikasjonskrav

Ved utveljing vektlegg vi søkjarar som er/har:

  • Godkjend barnehage-/ førskulelærarutdanning. Eventuelt vernepleiar, barne- og ungdomsarbeidar eller andre med kompetanse og erfaring oppmodast om å søkje.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gode norsk-kunnskapar

Om deg

  • Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
  • Du har eit genuint ønskje om å jobbe med barn, og har kunnskap om barn si utvikling
  • Du er raus og anerkjennande ovanfor barn og vaksne, og har gode samarbeids- og
    kommunikasjonsferdigheiter
  • Du er sjølvstendig, har evne til å ta ansvar, leie og motivere medarbeidarane dine
  • Du er fleksibel og løysingsorientert og trivast i ein aktiv kvardag
  • Du trivast med, og har helse til å vere ute i all slags ver.
  • Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagt

Vi tilbyr

  • Meiningsfylt arbeid og faglege utfordringar
  • Godt arbeidsmiljø – trivelege kollegaer
  • Tilsetting på kommunale vilkår
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Hjelp til å skaffe barnehageplass