Påmelding karrieremesse Qlomm8krxc0uzpah5lgp

Jølster kommune

Jølster kommune ligg midt i Sogn og Fjordane. Kommunen dekkjer eit areal på 671 kvadratkilometer. Av dette er 90 kvadratkilometer isbrear og 43,5 kvadratkilometer ferskvatn. 

Kommunen har satsa på oppbygging av bustadfelt, skular og servicetilbod i dei to tettstadane Vassenden og Skei.

Jølster er og sjølve navet i Sogn og Fjordane, på Skei kryssar hovudvegane nord-sør (E39) og aust-vest (rv5) kvarandre. Det har gjort reiselivsnæringa viktig i kommunen. Frå Jølster er det kort veg til regionsenter både i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. Særleg viktig for kommunen er tilboda i Førde

Jølster er kunstnarbygda under breen. Ein kjem ikkje utanom kunsten og naturen når ein snakkar om Jølster. 

Heimen til den etter kvart verdskjende målaren Nikolai Astrup ligg vakkert til på Sandalstrand, på sørsida av Jølstravatnet. Stemninga i Astruptunet er magisk! Her står du midt i eit kunstverk, bokstaveleg talt i verdas vakraste ramme!

På Ålhus, der Astrup vaks opp, finn du og Eikaasgalleriet som husar kunsten til målar, grafikar og skulptør Ludvik Eikaas.

Er du glad i friluftsliv er Jølster ein fin stad å vere. Frå Stardalen har du god tilgang til både Haugabreen og Jostedalsbreen, som er den største breen på fastlands-Europa og eit trekkplaster for tilreisande. Også Jølstravatnet og Jølstra-auren er kjent langt utover landegrensene. Kvart år samlast omlag tusen fiskarar seg rundt nord-Europas rikaste aurevatn til Jølster Aurefest. Dette har blitt ein stor folkefest som samlar fleire tusen menneske. 

Velkommen til Jølster!