Fjaler kommune

Fjaler er ein liten kommune i Sogn og Fjordane med omlag 3000 innbyggarar. Dei fleste er busett i og omkring administrasjonssenteret Dale eller i Flekke.

I Flekke ligg Røde Kors Nordisk United World College, der det går 200 elevar frå heile 80 forskjellege land. Den internasjonale skulen blei bygd i tilknytning til opptrenings-og rehabiliteringssenter Hauglandsenteret.

Pecom, som jobbar med prosjektledelse innan energi, industri og offshore, Brødrene Dahl si vasskraftavdeling, og ingeniørfirmaet Enoro er viktige bedrifter for kommunen. Det er også industriområdet Lutelandet

Kunst og kultur er viktig for Fjaler. Kanskje nettopp fordi ein av Norges mest folkekjære diktarar vaks opp i Dale? På Jakob Sande-tunet kan ein besøke staden der diktaren blei fødd. Du kan også bli med på kulturvandring i Jakob Sande sine fotspor.

I tillegg kan du besøke Nordisk Kunstnarsenter og designsenteret Ralston&Bau på Transplant. 

Kvart år i september vert Teaterfestivalen arrangert i Fjaler. Der får ein presentert engasjerande scenekunst av høgt kunstnarleg kvalitet. Det vert også invitert til debattar, foredrag og andre aktivitetar med utgangspunkt i forskjellege tema.

Eit rikt organisasjonsliv med allsidige kultur- og fritidstilbod og gode skular og barnehagar i nærmiljøet, gjer Fjaler til ein god og trygg stad å vekse opp og bu i.


Velkommen til Fjaler! 



Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.