Førde kommune

Førde er den mest folkerike kommunen i Sogn og Fjordane. I bykommunen bur det om lag 13 000 innbyggarar. Kommunen består av kommunesenteret som også heiter Førde, i tillegg til grendene Angedalen, Haukedalen, Sunde, Erdalen, Solheimsdalen og Holsen. 

Førde er eit moderne- og servicesenter med eit variert og rikt næringsliv. Dei store næringane er handel og hotell, samt offentleg og privat tenesteyting. Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane er den største arbeidsplassen i Førde. Industri, transport, post, tele, bank, forsikring, landbruk, bygg og anlegg har også stor sysselsetting i kommunen.

Kommunen er omringa av flott natur. Her kan ein blant anna ta seg ein fjelltur på eit av dei mange fjella i kommunen, eller ein båttur i Førdefjorden.  Sjå gjerne denne videoen frå Hafstadparken - eit nyopna park- og idrettsanlegg som passar for alle. 

Kommunen har symjehall, bibliotek, idrettspark, kino og diverse kulturarrangement. Eit av dei mest kjende arrangementa er Førdefestivalen, som blir arrangert kvart år i første halvdel av juli. Festivalen er det største fleirkulturelle musikkarrangementet i landet.

Knappe 20 minuttar frå sentrum ligg Førde lufthamn Bringeland.  Frå flyplassen går det fem daglege avgangar til Oslo, og to turar til Bergen.


Velkommen til Førde!



(Foto: Oskar Andersen)