Balestrand kommune

Balestrand kommune ligg eventyrleg plassert mellom fjord og fjell i Sogn og Fjordane. Dei fleste av kommunen sine 1300 innbyggarar har busett seg langs fjordsidene. Kommunesenteret Balestrand, lokalt kalla Holmen, er einaste tettstad.

Kommunen er kjend for spektakulær natur og det er mykje å finne på året rundt. Du kan besøke Sognefjord Akvarium, der du lærer alt du treng å vite om livet i Sognefjorden. Du kan padle kajakk, bade ved den lokale badestranda eller gå på tur i skog og fjell. Om vinteren kan du gå på topptur med ski på beina, eller gå fine turar på langrenn. Ved skulen er det klatrepark,trampoline, sandvolleyball-bane, ballbinge, fotballbane og løpebane. Om du heller ynskjer ein roleg kveld kan vi anbefale ein tur på Friberg kino.

Balestrand er ei kunstbygd som er kjent for flotte kunstnar-villaer frå 1900-tallet, varierte kunstsamlingar og historiske Kviknes hotell, som ligg plassert rett ved Sognefjorden. 

Vegg i vegg med hotellet ligg Norsk Reiselivsmuseum som opna i 2016. Ved hjelp av digital utstillingsteknologi får du lære om framvesten av norsk reiseliv frå 1800-talet fram til i dag. Sjølve bygget er skore ut i grunnfjellet, noko som er ein attraksjon i seg sjølv.

Landbruk, turisme, servicenæringar og industri er dei viktigaste næringsvegane i kommunen. Balestrand er også ei av dei viktige fruktbygdene i Sogn.

Årleg arrangerast Balejazz over èi helg i mai. Dette er ein jazz-festival som blei etablert i 1990.

 

Velkommen til Balestrand!


(Alle foto: Jørgen Hundseth)