Påmelding karrieremesse Zwvzlmt1cqn1lrlpwixq

Askvoll kommune

Askvoll kommune ligg sentralt plassert på kysten av Sogn og Fjordane og er eit knutepunkt mellom land og sjø. Kommunen strekker seg frå bygdene på sørsida av Førdefjorden i aust og til Bulandet i vest, med Dalsfjorden i sør og Førdefjorden i nord. I Askvoll bur det om lag 3000 innbyggarar.

Kommunen er rik på naturopplevingar – både på land og i sjø. Ein fjelltur på Blegja på sørsida av Førdefjorden eller ein tur på Alden som stig rett opp av havet, er absolutt å anbefale. Båthamner og gjestehamner finn ein fleire av rundt om i kommunen, og det er flust opp av stille, fine vikar der du kan nyte kveldssola og den sjølvfiska palen.

Kommunesenteret Askvoll ligg på fastlandet. Her er kommuneadministrasjonen og mange av dei kommunale tenestane lokalisert. Askvoll har stor breidde i private handel og servicebedrifter og hotell, bank og apotek. Av andre offentlege tenester er det lensmannskontor, tannlege, veterinær og NAV-kontor.

Viktige næringsvegar  er fiskeri, landbruk, industri, handel og reiseliv. Kommunen er og ein stor arbeidsgjevar med tilsette innanfor skule, helse, omsorg og administrasjon.

I Askvoll er det gode kommunikasjonar langs kysten med ekspressbåt og bussamband med Førde. Internt i kommunen er øyane knytt til fastlandet med ferjesamband.


Askvoll kommune er ein del av merkevara Visit FjordKysten. Følg lenka for å sjå meir om aktivitetar, naturen og attraksjonane på kysten av Sogn og Fjordane.


Velkommen til Askvoll!