Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Karriereprat: Interessante jobbar og meir tid til kvarandre

Synne Marie Oppheim (34) og Even Rønnekleiv (34) hadde bra jobbar og var godt etablerte med små gutar, eige hus og eit sosialt nettverk i Bergen. No har småbarnsfamilien nett flytta til Hyen og jobbar for Brødrene Aa AS.

Skriven 16.09.2016 under Karriereprat

I utgangspunktet vart flyttinga for vår del eit bevisst verdival. Diskusjonen om eventuell heimflytting hadde vore eit tilbakevendande tema for Even og meg i fleire år. Når gode jobbar dukka opp, så var det ikkje lengre vanskeleg å ta det endelege steget.

Even og eg har begge vakse opp i Gloppen. Even, som eineborn, på butikken i Hyen, eg, som ei av fem systrer, på ein gard på Vereide. Vi har mykje felles referansar frå oppveksten – fridommen og tryggleiken med å vekse opp på ein liten stad, men også krava om å bidra, for Even sin del i butikken, og for meg heime på garden. Vi deltok på trening og andre organiserte aktivitetar på ettermiddag- og kveldstid, men mykje av fritida gjekk med til uorganiserte aktivitetar i lag med vennar. Vi hadde store areal å boltre oss på, og var ikkje alltid under oppsyn –  noko som av og til gav utslag i ikkje alltid like gjennomtenkte påfunn. På same tid fekk ein testa nokre grenser og ein lærte å ta vare på seg sjølv og kvarandre.

No var vi blitt ein familie i på fire, vi budde i ein forholdsvis ny einebustad i Bergen – i eit nabolag vi treivst godt i. Jobbmessig hadde vi utfordrande jobbar i oljenæringa og på fritida hadde vi gode vener i nærleiken. Likevel klarte vi ikkje heilt gje slepp på tanken om å flytte tilbake til Gloppen, eller meir presist, tanken på at vi ikkje skulle flytte heim var vi ikkje komfortable med. Eldstemann skulle begynne på skulen snart, og det var naturleg å ta diskusjonen om korhen borna skulle vekse opp litt meir på alvor.

 

img_4808-1

 

Eg starta på BI då eg kom til Bergen, og jobba for Levi’s Store og ein pub ved sidan av studiane. Etter eit år med studiar valte eg å jobbe på full tid. Det var ei veldig kjekk tid, og eg kunne nyte det som ein storby, i norsk målestokk, hadde å by på. Då eg tenkte at det var på tide å ta opp igjen studiane fekk eg tilbod om stillinga som butikksjef for ein av referansebutikkane når gjeld mote i Norden. Dette var både lærerikt, utfordrande og ikkje minst veldig kjekt. Også Even nytta høve under studietida til å ta del i storbylivet då han kombinerte masterstudiar ved NHH med jobb som bartender på Garage.

Vi er begge glade i det Bergen har å by på – ikkje berre tilbodet, men også anonymiteten kan til tider vere frigjerande. Samstundes mangla vi litt tilhøyrsle. Det er noko eige ved det å bu ein stad der det er andre ein deler historie med. Dette saknet blei ikkje mindre då vi fekk born. Det å få born endrar på ein del ting. Det er andre ting som kjem i fokus, og prioriteringane blir annleis. Likevel sette vi pris på å ha tilbodet i byen tilgjengeleg – livet er ikkje over om ein får born. Samstundes går tankane tilbake til eigen oppvekst, og det er naturleg å ynskje at borna skal få dei same gode opplevingane vi sjølv hadde. Blant anna nærleik til besteforeldre var noko vi begge hadde i oppveksten, og noko vi ikkje kunne gje dei om vi skulle bli verande i Bergen.

 

img_4858

 

Eg fullførte bachelor i varehandelsleiing etter at vår fyrste son blei født og vi hadde den siste tida begge interessant og utfordrande jobbar i Statoil. Det jobbmessige var også ei dei største uvissene ved å flytte til Hyen. Foreldra til Even som eig og driv butikken i Hyen var fortsatt så unge at det ikkje var aktuelt å ta over ennå. På grunn av butikken, som vi på eit tidspunkt ynskje å føre vidare drifta av, var Hyen det einaste alternativet for oss om vi skulle flytte heim. Skulle vi leve av folk i bygda skulle vi også bidra med born i barnehagen, på skulen og med andre ting som er avgjerande for eit lite lokalsamfunn. Mogelegheitene er naturleg nok avgrensa i Hyen, men vi følte ikkje avstanden til verken Sandane, Førde eller Florø avskrekkande – vi viste berre for lite om kva verksemder og mogelegheiter som var der.

Vi gjekk systematisk og grundig til verks for å ta den endeleg avgjerda om vi skulle flytte tilbake til Sogn og Fjordane. Even laga ein omfattande evalueringsmatrise, og resultat var krystallklart – vi skulle flytte heim. Dette var ved juletider, og målet vårt vart å komme på plass så tidleg at eldste guten vår skulle får nokre veker i barnehage før sommarferien og så ein god skulestart til hausten. Det var med andre ord berre tida og vegen. Vi reiste på eit lokalt «kom heim treff» i Trivselhagen på Sandane, og var på karrieremesse for Sogn og Fjordane i Bergen. Eg vil absolutt rose slike tiltak. Dette er ein veldig god måte å bli kjent med næringslivet på. Viktig er det også at kommunane legg til rette for at skal folk skal kunne flytte heim, det gjelder barnehagar, skular, bustad og anna infrastruktur. Vår erfaring frå Gloppen er at det blir gjort ein bra jobb på dette området.

No er vi alle godt etablerte i Hyen. Til sjuande og sist viste det seg faktisk at vi begge fekk fleire veldig interessante jobbtilbod å velje mellom! No jobbar vi hos Brødrene Aa AS i Hyen. Ei veldig interessant bedrift, med mykje spennande på gang. Dei fleste har vel fått med seg at den nye turistbåten ”Seasight” levert frå verftet blei kåra til Ship of the Year av Skipsrevyen. Eg som Lean og HMS-ansvarleg og kvalitetsmedarbeidar, og Even tok nyleg over rolla som økonomidirektør. Samstundes er ikkje forholda større enn at ein får ta del i veldig mange spennande prosessar på jobb. At arbeidsvegen no er knappe to kilometer kvar veg er også fantastisk.

Vi har blitt godt mottekne av folk i Hyen og både vi vaksne og ungane trivst godt. Her har vi alt vi treng i det daglege veldig nær. Når nokon spør korleis det er å bu så lite sentralt hevdar Even at han aldri har budd meir sentralt. I løpet av 90 sekund er vi i barnehagen, på skulen, på butikken og på eit nyleg opprusta idrettsanlegg. Når vi i tillegg kan nå tre flyplassar i løpet av ein time i bil, tykkjer ikkje vi det kan bli mykje meir sentralt. Det er no ein gong slik at kva ein fyller dagane sine med er uansett kva ein sjølve legg opp til uansett kor ein bur.

Even og eg er godt fornøgde med at resultatet av flyttinga vår vart både interessante og relevante jobbar for oss vaksne, nærleik til natur og familienettverk og sist men ikkje minst, litt meir tid til kvarandre!

received_10155407879105078

 

 

Footer