Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Karriereprat: Frå travel by & stillettar, til vakker vestlandsnatur & truck

Gøril Sætre er 33 år og bur i Brekke med sambuaren Adam og dei to døtrene på 9 og 5. Gøril har både sveinebrev frå Noreg og bachelorgrad i foto frå England og starta i slutten av 2010 opp som fotograf i Gulen. Ho er også ny leiar i Gulen og Masfjorden Næringsråd.

Skriven 07.07.2015 under Karriereprat

Om nokon hadde spurd meg for 10 år sidan om eg kom til å flytte heim att til Brekke, hadde eg kome med eit høgt og klart NEI! Aldri! Det må vere den mest stilleståande plassan i heile verda!… men, det er løye med det. Når ein vert litt eldre og stiftar familie ser ein at verdiar og behov endrar seg, og plutseleg vart denne plassen rein idyll. Eg valde å ta bachelorgrada mi i foto i England. Etter studietida, gjekk eg rett til full jobb hos nettbutikken ASOS.com som sel klede på nett. Der var sminkørar og stylistar, vakre modeller og flotte klede, og ikkje minst eit stort kreativt miljø, men jobben i seg sjølv var på langt nær så kreativ som eg kanskje skulle ønskje. Sjølv om London er stort, det er mange moglegheiter, er det også mange som knivar om oppdraga. Der vart også eldstejenta født. Mykje av tida gjekk til pendling, vi budde i eitt godt stykke utanfor London, men jobba begge i storbyen, og kjende oss nesten som helge-foreldre til slutt.

 

Når yngste jenta var på veg, ville eg berre vekk frå maset, eg ville heim! Sjølv om det berre var for nokre månadar. Månadane gjekk, så var det plutseleg eitt år, og eitt til. Vi såg etter kvart at vi hadde ein heilt anne livskvalitet her, vi har fått meir tid til å vere saman med ungane og kvarandre, det er trygt og godt og vi har fått oss eit hus som vi kan kalle heim, ein kan ikkje få det mykje betre enn det.

Men når eg fortel kva eg jobbar med her ute, er det nok ein del som heva augebruna, og spørsmålet; Går det ann å livnære seg av dette på ein plass som Brekke??? Så må eg no berre seie at vil ein, så vil ein! Og det er utruleg kva ein kan få til når ein har bestemt seg for noko. Med dagens teknologi og  kommunikasjon er det mykje ein kan skape, sjølv på plassar der ein tenkjer at det ikkje er mogleg. Det er vel ein av dei tinga eg verkeleg synest er det flottaste med framtidsfylket, det ligg skattar i kvar ei vik, og hadde berre alle fått med seg alt som blir skapt og produsert i dette fantastiske fylket, så trur eg nok det lett kunne blitt fleire av oss her.

Det eg har merka meg etter at eg starta opp eiga bedrift her i Gulen, er at eg no får jobbe mykje meir kreativt, eg jobbar breitt og fotograferer alt frå søte små babyar til truckar og industri, samtidig har eg fått tid til å jobbe med eigne prosjekt, laga til utstillingar og halde kurs. Men som i sentrale strøk, må  ein vere frampå her også for å få ting til. Sjølv om det er ein mindre kundemasse her i distriktet, så er ein så mykje meir synleg enn i ein metropol. Ein får seg kontaktar ein gjerne ikkje hadde fått elles, og det er fantastisk kva det kan føre med seg. I ytre Gulen er det eit yrande gründermiljø, eg fekk etterkvart kontakt med desse kjekke folka bak satsingar som Beat og Utkant. Det eine fører ofte til det andre, og etter at ei stund fekk eg mellom anna eit par oppdrag for New York Times, og til slutt ein agent i Milano, noko ei små-sjenert bygdejente synest er ganske kult!

For kvart år opnar det seg nye dører, med nye utfordringar, eventyr og moglegheiter. I vår vart eg leiar i Gulen og Masfjorden næringsråd, noko som er både nytt og spennande. Som sjølvstendig næringsdrivande i lita bedrift er det utruleg kjekt å møte bedrifter i både forskjellige næringar og storleikar, bygge nettverk og å få vere med å fremje næringslivet i området. Eg håpar det er fleire som ser verdiane ved å flytte til framtisdfylket! Her er gründermiljø i kvar ein krok, det er mange og varierte jobbar og ein får ein livskvalitet mange berre drøymer om.

Og til dei ungdomane som kanskje sit med same tanke som eg hadde om at det ikkje skjer noko her, så kan eg informere om at underteinka knapt har tid til å snu seg rundt, her er det aktivitetar og ting som skjer over alt, heile tida.

Sjekk ut heimesida til Gøril HER!

Footer