Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Karriereprat: Fekk hjelp av lokal bedrift til å starte eige AS

Astri Knudsen var på jakt etter nokon som ville tilsette henne, då ho kom over dagleg leiar i Gasta. Det blei til bedrifta Drople AS.

Skriven 21.12.2016 under Karriereprat

Eg satt med ei liste over bedrifter i Sogn, for å ringe rundt og høyre om nokon hadde ein jobb til meg. Eg var stappmett på storbylivet i Oslo og veldig klar for å bu ved fjella. Ein av telefonane hamna hos Vidar Bondevik i Gasta design og kommunikasjon, som fort svara: ”Din kompetanse blei diskutert som ei mangelvare på førre styremøte”. Så eg sette meg på eit fly til Sogndal og tok første workshop på Fosshaugane Campus.

Det tok ikkje lang til før Vidar sa: ”La oss starte noko saman. Du blir einaste tilsett og bedrifta blir spesialisert på dine tenester.”Han såg at modellen passa bra. Nokon var allereie lei av å høyre om Gasta etter 17 år i bransjen, nokon ville kanskje heller samarbeide med Drople. For nokre Gasta-kundar ville det derimot vere fint å få eit tilbod om utvida tenester, innleia frå Drople. Vinn-vinn.

bbd3dc1c-0115-44dc-a1b8-77629d7f0739

Jobbar med det eg likar best

Av yrke er eg journalist – og eg elskar å skrive. Det er noko med det å sette seg inn i nye tema nesten kvar dag, få tak i essensen og formulere det vidare til andre. Det å kna på ord og formuleringar, og jobbe med å nå ut til folk med bodskapen. Det er dette eg vil jobbe med, og det er dette eg føler eg kan. Så då er det det bedrifta mi leverer: teksttenester. Kall det gjerne content marketing eller innhaldsmarknadsføring. Det er tekst, ord og formuleringar.

Det viser seg at det er eit behov for slik hjelp. Enten det er ein stillingsannonse, eit julekort, ein rapport eller ein artikkel. Små og mellomstore bedrifter har gjerne ikkje ei eiga marknadsavdeling, dei treng hjelp til å sjå kva som er interessant å marknadsføre, eller så har dei berre ikkje tid til å kommunisere med sin kundar. Eg gjer mykje småoppdrag, men kundane kjem tilbake att – og då har eg ein tryggleik. Heldigvis har det gått knirkefritt sidan oppstart i september 2015.

Eg har aldri sett på meg sjølv som ein gründer. Eg er ikkje typen, har eg tenkt. Men ein treng ikkje vere ein gründertype for å starte for seg sjølv. Og ein treng ikkje finne opp noko nytt. Nokre gonger er det nok å selje kunnskapen sin. Ein treng ikkje alltid hjelp hos støtteapparat som Innovasjon Noreg. Nokre gonger kan næringslivet hjelpe. Kva er ikkje betre for ei bedrift enn å få tilgang til din kompetanse, utan å måtte satse eit heilt årsverk på deg? Kanskje dei er villig til å leige deg inn på fast basis i ein periode, og etter kvart opparbeider du deg fleire kundar.

Astri og Vibeke på Storehaugen. Foto Alice Grindheim

Tor å satse!

Det var litt skummelt i starten, å starte ein bedrift med ein mann i 50-åra eg ikkje kjente. Men så snudde eg på det. Kor tøft er det ikkje av Gasta å satse på ein ukjent person i slutten av 20-åra, dei knapt har sett kva kan levera? Eg kunne ikkje vere den som snakka om at det var skummelt. I tillegg hadde eg lite å tape.

I  Sogn har eg utelukkande vore omringa av gode støttespelarar. Det har vore kort veg til eit stort nettverk på Campus, der folk heier på deg. Eg fekk òg tilgang til ein brei kundebase hos Gasta, noko som har gitt meg arbeid frå dag ein. Og så har eg heile vegen prøvd å ha eit ope sinn. Vil ikkje folk ha tenestene slik eg sel dei, kan eg jo alltids gjere endringar og tilpassa meg.

For meg er ein ting sikkert: Så lenge er har ein spennande jobb, blir eg buande i Sogn. Og finn ein ikkje den jobben, kan ein jo prøve å skapa den sjølv.

Vibeke, Ingvild og Astri på Storehogen. Foto Alice Grindheim

Vibeke, Ingvild og Astri på Storehogen. Alle foto Alice Grindheim

Footer