Norconsult Norge AS Hovedbilde

Norconsult Sogn og Fjordane treng fleire medarbeidarar på Nordfjordeid

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Vil du vere med på vekst i Nordfjord? Norconsult Norge AS Stad Fulltid

Om stillinga

Norconsult er Norges største tverrfaglege rådgjevar retta mot prosjektering og samfunnsplanlegging. Norconsult Sogn og Fjordane har kontor i Sogndal, Sogndal, Årdal, Sandane og på Nordfjordeid med over 60 medarbeidarar totalt. Nordfjordeid vart etablert som eigen kontorstad i januar 2021 med førebels 3 medarbeidarar innan veg, VA og prosjektadministrasjon. For å primært dekke marknaden i Nordfjord, søker vi etter fleire medarbeidarar til Nordfjordeid.

Norconsult Sogn og Fjordane er eit tverrfagleg kontor i vekst som utfører spennande og varierte oppdrag i eit godt arbeidsmiljø. Oppdraga vert ofte gjennomførte på kryss og tvers internt i Sogn og Fjordane, men også i andre deler av landet og i tett samarbeid med andre fagområde, kontor og avdelingar i heile Norconsult.

Lokalt utfører vi tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, miljø, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.

Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og eit stort nettverk i bransjen.

Dette er stillingsutlysinga for deg med erfaring frå rådgjevarbransjen eller tilsvarande kompetanse. Vi er på leit etter deg som ønskjer å vere med å byggje opp eit tverrfagleg og framtidsretta rådgjevarmiljø på Nordfjordeid og medverke til eit sterkt kompetansemiljø i Sogn og Fjordane.

Stillinga vil by på store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.

Det er viktig at du grunngjev kvifor vi skal satse på akkurat deg!

Arbeidsoppgåver vil kunne tilpassast dine faglege og personlege kvalifikasjonar.

Kvalifikasjonskrav


Om deg

For oss er det viktig at du:

  • Har kjennskap til marknaden i Nordfjord og kan bistå med marknads- og tilbodsarbeid lokalt og elles i Sogn og Fjordane
  • Er god på kundekontakt og kundeoppfølging
  • Kan vere oppdragsleiar/prosjektleiar i både einfaglege og tverrfaglege oppdrag
  • Er utdanna ingeniør eller sivilingeniør eller tilsvarande innan eit teknisk fagområde med ønskjeleg med minst 5 års erfaring
  • Prosjekterer innan ditt fagområde
  • Har eit stort fagleg engasjement
  • Er kreativ, løysingsorientert og ønskjer fagleg utvikling
  • Tek initiativ, er målretta og resultatorientert
  • Er fleksibel og ansvarsbevisst
  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar
  • Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk
  • Har god erfaring med digitale verktøy

Vi tilbyr

Hos oss får du:

  • Spennande kompetansehevings- og karrieremogelegheiter innan marknad, fag, linje og oppdrag
  • Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar
  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
  • Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet
  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid
  • Studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv.


Ta gjerne uforpliktande kontakt med kontorleiar Tone K. Myklebust Kvåle, tlf. 95 80 75 09. Søknad med CV, vitnemål og attestar kan sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider.

Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.

Norconsult er Norges største rådgjevarbedrift. Våre tenester er retta mot samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er eigd av våre over 4200 tilsette som er stasjonert på 135 kontor i heile verda. Hovudkontoret ligg i Sandvika utanfor Oslo.