Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Hovedbilde

Kafè-vert 

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Vil du lage og servere fantastiske og heimelaga rettar i hjartet av Førde by? Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Sunnfjord Deltid
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Logo

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane

Gota 16
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Eirun Leknes
48 24 90 71

Søknadsfrist

7. august 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Kafè Sobra ligg i 1.etg i Sogn og Fjordane Kunstmuseum som du finn i hjartet av Førde sentrum i eit bygg som har fått internasjonal merksemd for sin særprega arkitektur. Kunstmuseet fyller 3 etasjar med både basisutstillingar og skiftande utstillingar, samt ein museumsbutikk.

På Kafè Sobra serverer vi heimelaga varme og kalde rettar som supper, salatar, pai, diverse påsmurt og wraps. I tillegg tilbyr vi god kaffi, kaker, dessertar og vafler.

Om veiret er fint har vi ein flott takterrasse våre gjester også kan sitje på for å nyte måltidet eller kaffi-koppen.

Kaféen tek òg på seg større oppdrag som konfirmasjonar og lukka lag i våre lokaler, samt noko catering-verksemd.

Arbeidsoppgåver

Kafèen tek imot besøkande vekedagar og helg, både lokale og tilreisande. Opningstidene er kl. 11-16 , tysdag- søndag (måndagar stengt).

Stillinga vil krevje arbeid i veke- og helgedagar, og ein kafè-vert må vere fleksible ihht til dette. Kafè-vert må også vere over 18 år då ein vil kunne arbeide i kafèen åleine til enkelte tider.

Som kafè-vert på kafé Sobra vil arbeidsoppgåvene vere:

  • Sal og servering
  • Matlaging
  • Enkle reinhaldsoppgåver i kaféen
  • Assistere ved opningar og andre aktivitetar (t.d. kveldsarrangement)
  • Arbeidet følgjer vaktplan, normalt med arbeidstid laurdag og sundag 11-16. Kveldsarrangement og familieverkstad følger eigen plan. Sommaravvikling vert ein eigen plan (juli-august)

I rolla som kafè-vert etterstreber du alltid å gi gjestene våre den beste kundeopplevinga.

Kvalifikasjonskrav

Vi ser etter deg som:

  • Er serviceinnstilt og trivast i vertskapsrolla
  • Likar å lage mat
  • Over 18 år
  • Tilpassar deg og trivast med variasjon i arbeidsoppgåver
  • Er stødig og til å lite på
  • Har ordenssans og god hygiene
  • Har gode samarbeidsevner samtidig som ein evner å arbeide sjølvstendig

Vi tilbyr

Som kafè-vert på Kafè Sobra vil du vere tilsett i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane (MiSF). Du vil vere ein del av eit dynamisk arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og stort engasjement.

MiSF er ei IA-verksemd, og vi tilbyr god pensjonsordning gjennom KLP.

Helg- og kveldsverter blir løna som timelønstilsette i samsvar med satsar i Landsoverenskomsten (VIRKE). Kveldstillegg for vakter etter 17:00, og helgetillegg for vakter laurdag og søndag.

Søknadsfrist: 07.08.2022

Oppstart: Snarleg

Varigheit engasjement: ut 2022 med moglegheit for forlenging.

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Kulturbilde