Vik Ørsta AS Hovedbilde

Salsingeniør/salskonsulent

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Vil du bli ein del av vårt salsteam for rekkverk? Vik Ørsta AS Vik Fulltid

Om stillinga

Vik Ørsta er på jakt etter ein motivert og omgjengeleg salsingeniør/salskonsulent for å delta i salsarbeidet for våre trafikksikringsprodukt ved vår avdeling i Vik i Sogn.
Eit rekkverk er ikkje berre eit rekkverk, men skal bidra til å redde liv i trafikken. Vi treng di hjelp for å nå visjonen om 0 drepte og hardt skadde i trafikken!

Arbeidsoppgåver

Stillinga byr på varierte og motiverande arbeidsoppgåver innanfor vårt sals- og marknadsarbeid på Noregs leiande avdeling for veg- og brurekkverk.
Hovudoppgåver vil vere:

  • teknisk kundestøtte
  • utarbeide kalkylar og tilbod
  • ordrebehandling og utstrakt kundekontakt
  • følgje opp tilbod og prosjekt

Om deg

Vi ser etter deg som

  • har teknisk kompetanse
  • har ein strukturert arbeidsmetodikk
  • kommuniserer klart, er omgjengeleg og inkluderande
  • har gode haldningar og lyst til å lære


Det er ein fordel om har utdanning og/eller erfaring innanfor tekniske fag.
Dersom du har til å vere med på veg framover, integritet til å navigere handlingane dine etter og omtanke for folk, så passar du godt inn hos oss!