Vikar som familierettleiar i Familieteamet Gloppen/Stryn - Barnevern Gloppen kommune

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Vikar som familierettleiar i Familieteamet Gloppen/Stryn Gloppen kommune Gloppen Fulltid
Gloppen kommune Logo

Gloppen kommune

Grandavegen 9
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Gerd Ynnesdal
97777389

Søknadsfrist

11. september 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Kommunane Stryn og Gloppen samarbeider om heimebasert tiltak i barnevernet. Gloppen kommune er vertskommune for samarbeidet og barnevernsleiar er dei tilsette sin næraste overordna.
Vi har ledig 100% vikariat som familierettleiar frå desember 2022/januar 2023 og fram til mars 2024.

Arbeidsoppgåver

  • Miljøterapeutisk arbeid med born og unge i deira heimemiljø, med fokus på samspel i familien.
  • Rettleiing til foreldre.
  • Samarbeid med barnehage, skule og andre relevante instansar, og tett samarbeid med sakshandsamar i barnevernstenesta.
  • Det må påreknast noko arbeidstid på ettermiddag/kveld.

Kvalifikasjonskrav

  • Godkjent utdanning som sosionom, barnevernpedagog eller vernepleiar.
  • Det er ønskjeleg med vidareutdanning eller erfaring i miljøterapeutisk arbeid med born og unge i deira heimemiljø.T.
  • Vi kan tilby rettleiing og kursing/sertifisering.
  • Førarkort klasse B.

Om deg

  • Evne til å jobbe målretta og systematisk i komplekse livssituasjonar.
  • Vår nye medarbeidar må vere ansvarsbevisst, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i team.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Vi tilbyr

  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
  • Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.