Helse Førde Hovedbilde

Rådgjevar - Økonomiavdeling, Helse Førde

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Vi treng ein dyktig rådgjevar til medisinsk koding i Helse Førde Helse Førde Sunnfjord Fulltid
Helse Førde Logo

Helse Førde

Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Økonomidirektør Øystein Helleseth
(+47) 952 61 353

Søknadsfrist

12. november 2021 Søk på stillinga her

Om stillinga

Økonomiavdelinga i Helse Førde har omlag 20 tilsette og er organisert som eiga eining under Stabsområde. Avdelinga har ansvar for funksjonar som rekneskap, økonomistyring, budsjett og innkjøp.

Vil du vere med å styrke oversikta over den medisinske aktiviteten i Helse Førde? Økonomiavdelinga har ledig stilling som rådgjevar. Oppstart stilling etter avtale.

Økonomiavdelinga søkjer etter ein dyktig person som samhandlar godt med ulike miljø og personar, og som ønskjer å arbeide med oppfølging av medisinsk koding i Helse Førde.

Arbeidsoppgåver

  • Vere oppdatert på regelverk for Innsatsstyrt finansering (ISF) og administrativ og medisinsk koding
  • Opplæring i medisinsk koding og oppfølging av kodekvalitet i avdelingane
  • Støtte avdelingane med aktivitetsanalyser og aktivitetsrapportering
  • Superbrukar ASL_LIS/NIMES

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanningsretning: Sjukepleiar eller anna medisinskfagleg utdanning
  • God kunnskap i anatomi, fysiologi og sjukdomslære
  • God kjennskap til sjukehusfunksjonar, medisinsk terminologi og journalføring
  • God kompetanse på Dips, Meona og Nimes er ønskjeleg
  • Kunnskap i medisinsk klassifikasjon er ønskjeleg
  • God IKT-kunnskap
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

Om deg

  • Sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • Gode samarbeidsevner
  • Analytisk
  • Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Intern opplæring
  • Kurs i medisinsk klassifikasjon
  • Fleksibel arbeidstid
Helse Førde Kulturbilde