Lotteri- og stiftelsestilsynet Hovedbilde

Vi søker jurist

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Vi søker jurist Lotteri- og stiftelsestilsynet Sunnfjord Fulltid
Lotteri- og stiftelsestilsynet Logo

Lotteri- og stiftelsestilsynet

Postboks 800
6805 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Siw Heggedal Longvastøl
900 74 974

Søknadsfrist

9. januar 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Blir du inspirert av å jobbe med viktige samfunnsoppdrag på nasjonalt nivå, saman med dyktige kollegaer? Då bør du lese vidare.

I Stiftelsestilsynet fører vi tilsyn og kontroll med forvaltning av stiftelsar i Norge, og bidrar til kunnskapsformidling på området. Jobben vår er å trygge stiftelsesforma, og å bidra til at stiftelsar kan vere ein attraktiv måte å utvikle samfunnet på. Vi har oppgåver knytt til søknader etter fleire lovverk med stor betydning for privatpersonar og stiftelsar. Dette er fagområde i utvikling som reiser spennande og utfordrande rettsspørsmål, i grensegangen mellom ulike lovverk. Difor har vi dialog med sentrale aktørar som Statens kartverk, statsforvaltarane og domstolane.

Vi er no ute etter ein jurist til som har lyst til å fordjupe seg i kompliserte regelverk og problemstillingar. Du må ha lyst å vere med å utvikle arbeidet vidare, både i avdelinga og saman med eksterne aktørar.

Du vil bli ein del av eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer, der halvparten er juristar. Vi legg vekt på både samhandling og rom for individuell fleksibilitet med fleksitid og moglegheit for noko heimekontor.

Høyrest dette ut som noko for deg? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss. Vi fortel gjerne meir om jobben og svarer på det du lurer på.

Arbeidsoppgåver

  • Vere med å utvikle fagområda
  • Ta del i strategisk samarbeid med andre aktørar
  • Rettleiing og dialog med brukarar
  • Delta i saksbehandling, herunder kvalitetssikring
  • Delta i anna arbeid ved avdelinga etter faglege kvalifikasjoner og behov

Kvalifikasjonskrav


Det er ein fordel om du har:


  • master innan rettsvitskap
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • erfaring fra privatrettslege område

Om deg

  • Du tek initiativ, løyser problem og samarbeider godt med andre
  • Du har gode kommunikasjonsevner
  • Du er strukturert og analytisk, og tenker heilskapleg.


Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn
  • Positive og engasjerte medarbeidarar med stor interesse for fagområda sine
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der du kan påverke din eigen arbeidskvardag
  • Gode velferdsordningar og generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse, som gir gunstige pensjons- og lånevilkår
  • Fleksibel arbeidstid og betalt overtid
  • Moderne kontorbygg i Førde sentrum, med eige treningsrom og kantine
  • IA-bedrift



Lønn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som rådgivar/seniorrådgivar stillingskode 1434/1364. Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.

Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir tatt til følge, varslar vi deg på førehand.

Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.


Lotteri- og stiftelsestilsynet Kulturbilde