Høgskulen på Vestlandet Hovedbilde

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i RLE

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Tre midlertidige stillingar Høgskulen på Vestlandet Bergen Fulltid
Høgskulen på Vestlandet Logo

Høgskulen på Vestlandet

Inndalsveien 28
5063 Bergen
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Assisterende instituttleder Merete Aronsen
55 58 79 40

Søknadsfrist

10. juli 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil tre midlertidige stillingar i inntil 100 % som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i RLE ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Stillingane inngår i Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag ved campus Bergen, Stord eller Sogndal. Vi ber om at søkarane oppgir i søknaden kva campus dei ønsker å tilhøyra. Stillingane er ledig frå 15.09.22 til 14.03.23.

Arbeidsoppgåver

  • Undervise, rettleie, vurdere, følgje opp studentar i praksis og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskriften. Desse oppgåvene vil primært vera knytt til barnehagelærarutdanninga. Det er og aktuelt med undervisning på grunnskulelærarutdanningane (integrert 5 årig master). Arbeid i andre utdanningar, kurs og oppdrag, kan bli aktuelt avhengig av søkjar sin kompetanse og instituttet sine behov.
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.
  • Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga.

Kvalifikasjonskrav

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.
For tilsetjing som førsteamanuensis/førstelektor må søkjar ha gjennomført doktorgrad eller ha førstelektorkompetanse. Kompetansen må vera relevant for undervisning i RLE-delen av kunnskapsområdet SRLE (Samfunnsfag, religion, livssyn og etikk) i barnehagelærarutdanninga og RLE i grunnskulelærarutdanningane. For tilsettng som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.
For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha hovudfag/mastergrad med gode resultat, normalt A eller B på masteroppgåva, og med relevans for stillingsprofilen.
Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.
Undervisningsspråket er norsk og søkarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Den som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga.
Følgande teller positivt i vurderinga:

  • Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning
  • Kompetanse når det gjeld arbeid med digital teknologi i undervisning


Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju

Vi tilbyr

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida


Stillinga som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - Førsteamanuensis / 1198 - Førstelektor / 1008 - Høgskulelektor.
Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Høgskulen på Vestlandet Kulturbilde