Missing caption

Vestland fylkeskommune søker trainee innan planlegging og klimaomstilling

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee – planlegging og klimaomstilling Vestland fylkeskommune Trainee
Vestland fylkeskommune

Vestland fylkeskommune

Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norge
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil

Kontakt

Synnøve Stalheim
47897260

Søknadsfrist

14. mars 2021 Søk på stillinga her

Om stillinga

Vil du utvikle Vestland i lag med oss?

Det er ledig stilling som trainee innan planlegging og klimaomstilling i seksjon plan, klima og folkehelse, i avdeling for strategisk utvikling og digitalisering. 

Vi skal bidra i arbeidet med å utvikle eit nyskapande og berekraftig Vestland, ved å setje retning, samhandle og engasjere. Viktige arbeidsområde for oss er å vere ein pådrivar for endring, bidra til å samordne aktiviteten internt i fylkeskommunen, og å vere gode støttespelarar for kommunane og eksterne aktørar. Vestland legg klima og miljø som premiss for samfunnsutviklinga, og arbeidet med ein felles klimaplan for Vestland er i gang på. Traineen skal bidra i dette arbeidet.

Arbeidsoppgåver

  • Vere støttespelar og rådgjevar for kommunane ved kommunal planlegging, med spesielt fokus på klimaomstilling
  • Bidra i planforum
  • Rettleie og gi uttaler i kommunale plansaker
  • Delta i arbeidet med Regional plan for klima Vestland

Kvalifikasjonskrav

  • Mastergrad innan arealplanlegging og/eller samfunnsplanlegging, klima- og miljø, geografi, samfunnsgeografi.
  • Eventuell erfaring frå arbeid innan samfunns- og arealplanlegging, eller klimaomstilling på lokalt og/eller regionalt nivå
  • Strategisk planlegging innan fagfeltet klima- og miljø
  • God kunnskap om plan- og bygningslova
  • Interesse for regional og berekraftig utvikling
  • Prosesskompetanse

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Om deg

  • Samfunnsengasjert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne

Vi tilbyr

Du vil få varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver, og fagleg utvikling i eit kompetent og tverrfagleg fagmiljø. Vi er opptekne av vi skal trivast på jobb, og ha eit godt og uformelt arbeidsmiljø. Slik gjer vi kvarandre gode og skapar engasjement.

  • Løn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Andre opplysningar:

  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
  • Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
  • Arbeidsstad er Leikanger.

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2021 til august 2022.