Trainee innan økonomi, administrasjon og berekraft  Bilde

Tibber søker trainee innanfor økonomi, administrasjon og berekraft

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee innan økonomi, administrasjon og berekraft Tibber - Join the electric revolution Sunnfjord Trainee
Tibber - Join the electric revolution Logo

Tibber - Join the electric revolution

Hafstadvegen 23, 6800 Førde, Norge
6812 FØRDE
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Elisabet Kjerstad Bøe
915 91 548

Søknadsfrist

15. mars 2021 Søk på stillinga her

Du søker direkte til Tibber - Join the electric revolution på denne traineestillinga.

Søk traineestilling

Om stillinga

Tibber er verdas første heildigitale straumselskap. Vår teknologi gjer at kunden får ein betre pris og ei betre innsikt i straumforbruket sitt. Til skilnad frå dei tradisjonelle straumselskapa vel vi å ikkje tene pengar på forbruket til kundane våre; vi ønsker heller å hjelpe dei å redusere det. Vi har eit mål om å redusere strømforbruket i heimar i Europa med 20% - og utfordrar dinosaurane i marknaden ved å ta i bruk ny teknologi og aldri kompromisse på berekraft.

Hundretusentals elbilar, varmepumper og anna smarthusutstyr er allereie kobla til Tibber-appen. Gjennom vår plattform styrer vi kundane sitt forbruk for å redusere kostnader og forbruk. Vi prøver å skape ei heilt ny oppleving av energi og utviklar dette stadig. Å utfordre oss sjølve og andre er normalen.

No ser vi etter ein trainee som vil jobbe i kryssinga mellom økonomi, administrasjon og arbeid med berekraft.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene dine vil ligge i kryssinga mellom økonomi, administrasjon og arbeid med berekraft. Du har utdanning innanfor økonomifag, finans, industriell økologi, administrasjon og leiing, berekraftig utvikling, klima og miljø, energi eller andre relevante fag.

Kvalifikasjonskrav

Du fullfører høgare utdanning våren 2021, eller har 1-2 års relevant arbeidserfaring og ønsker å flytte til Førde for å vere trainee i eit teknologiselskap som vil endre verda.

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Om deg

Som trainee i Tibber vil du få ein eigen mentor som blir ansvarlig for den faglige utviklinga di. I Tibber har vi likevel ein filosofi om at ansvar og eigarskap gjev best resultat, så du må trivast både med å jobbe sjølvstendig og på lag med andre. Du vil ha kollegaer både i Førde og på dei andre kontora våre i Norden og Europa, så du må vere strukturert og sjølvgåande, samt kunne kommunisere godt på engelsk.

Vi tilbyr

Sidan vi er ute på eit oppdrag som inneber å snu opp-ned på heile energibransjen, må vi heile tida forvente det uventa. Vi er ei oppstartsbedrift, med alt det medfører av konstant endring og utvikling. Det “umoglege” er vår arbeidskvardag, vi prøvar og feilar, men brukarane sine behov er alltid i sentrum for oss.

I løpet av det siste året har vi dobla talet på tilsette på kontora våre i Førde, Stockholm, Helsinki og Berlin. Vi rekrutterer frå heile verda, dyrkar mangfoldet, og jobbar like gjerne remote som frå kontoret. Den sterke kulturen og det gode samhaldet får vi mellom anna gjennom vekentlege videomøter og våre årlege pop-up-kontor; der vi møtes for å jobbe, ha det gøy og utforske ein ny by saman. 

Vi jobbar systematisk med å redusere miljøpåverknaden frå produkta våre, og vi prøvar å drive selskapet på ein etisk god måte. Tibber skal vere ein positiv bidragsytar i samfunnet, og inspirere våre tilsette, kundar og samarbeidspartnarar til å leve så berekraftig som muleg.

Vi håpar at akkurat du vil bli med i Tibber Tribe!

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2021 til august 2022.

Tibber - Join the electric revolution Kulturbilde