Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Trainee i Helse Førde innan formidling av forsking og innovasjon | Helse Førde | Trainee |
Er du interessert i forsking og innovasjon? Glad i kunnskapsformidling? God på nettsider og sosiale medier? Vi treng deg på laget for å formidle dei gode historiane og bygge innovasjonskultur.
Vi tilbyr traineestilling som kommunikasjonsmedarbeidar. Stillinga er del av Framtidsfylket sitt traineeprogram i 2021/22. Kontorstad er Førde.
Helse Førde er eit framoverlent helseføretak i Helse Vest. Vi er den største arbeidsplassen i vår region, og er no i gang med ei milliardutbygging av Førde sentralsjukehus. Vi tilbyr ein spennande arbeidsplass i eit miljø som jobbar tett saman med Høgskulen på Vestlandet gjennom eit felles samarbeid: Helseforsking Sogn og Fjordane.
Stillinga er lagt til Fag og utviklingsavdelinga, seksjon for forsking og innovasjon. Seksjonen si hovudoppgåve er å støtte opp om forsking og innovasjon i føretaket.
Ønska kvalifikasjonar er relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå. Gjerne utdanning innan innovasjon, kommunikasjon, tenestedesign, samfunnsvitskap, organisasjonsutvikling eller helse.
Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee:
Du er ein lagspelar med interesse for å formidle dei gode historiane. Du likar å lære nye ting, og evnar å tenke heilskapleg. Du er nysgjerrig og positiv med gode kommunikasjonsevner. Gjerne med erfaring frå foto, grafisk design eller kommunikasjon.
Som kommunikasjonsmedarbeidar hjå oss vil du få ei allsidig rolle med gode utviklingsmoglegheiter, og i stor grad kunne påverke eigen arbeidsdag. Vi ønskjer ein utadvent og initiativrik trainee som kan vere med å tenke nytt, bidra til å skape innovasjonskultur, og som har interesse for både kommunikasjon og nyskaping.
Som Framtidsfylket Trainee får du:
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2021 til august 2022.