Tenesteleiar kommunehelse

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Høyanger kommune Høyanger Fulltid

Om stillinga

Høyanger kommune er inne i ein omstillingsprosess innan tenesteområde Helse og omsorg. Omstillinga skal vere med på førebu organisasjonen på dei utfordringane og oppgåvene som vi møter framtida. Vi innførerer eit nytt leiarnivå med tenesteleiarar og ein av desse er:

Tenesteleiar kommunehelse med ansvar for følgjande einingar:

  • · Fysioterapi, ergoterapi og hjelpemiddellagar
  • · Helsetasjon og jordmor
  • · Legesenter
  • · Kommunepsykolog

Som tenesteleiar vil du bli ein del av tenesteområdet si leiargruppe og vil aktivt samhandle med andre einingar i kommunen. Vi gjev stort rom for nytenking og initiativ, og ønskjer oss ein person som gjennom fagleg tryggleik og godt leiarskap medverkar til å vidareutvikle eit godt arbeidsmiljø .

Arbeidsoppgåver

  • i nært samarbeid med einingsleiar organisere og prioritere tilbod og aktivitetar i
  • samsvar med planar og vedtak i Høyanger kommune
  • nytte eininga sine tildelte ressursar innan prioriterte oppgåver
  • etablere og vedlikehalde gode rutinar for samhandling mellom faggrupper i eininga, andre einingar og samarbeidspartar
  • syte for at eininga sine gjeremål er kvalitetssikra gjennom rutinar for arbeidsfordeling og administrative prosedyrar og internkontroll.
  • overordna ansvar for at tilsette i eininga får opplæring og utvikling slik dette
  • er fastlagd i planer og vedtak i Høyanger kommune
  • lage budsjettframlegg for eininga si totale verksemd, og syte for at Høyanger
  • kommune sine rutinar for budsjettarbeid og rapportering vert følgde
  • sikre at alle nytilsette får tilfredsstillande innføring i eininga administrative rutinar.
  • rapportere driftsavvik i samsvar med Høyanger kommune sine rutinar og syte for naudsynte tiltak for å førebyggje driftsavvik. Føreslå tiltak for kommunalsjef dersom det krevst endring i ressursbruken.
  • delta i utviklingsarbeid
  • kjenne til og følgje gjeldande lov- og avtaleverk for arbeidslivet og Høyanger kommune sine personalpolitiske mål samt føre desse ut i praksis i avdelinga, herunder gjennomføre vedteke retningslinjer for HMT- arbeidet.

Kvalifikasjonskrav

  • relevant høgskule- eller universitetsutdanning på minimum bachelornivå. Særskild relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • elevant leiarerfaring
  • forståing for dei rammeverk som ein leiar i offentleg
  • forvaltning må forhalde seg til
  • god forståing for tilhøvet mellom administrativt og politisk nivå
  • gode strategiske og analytiske evner
  • god økonomiforståing

Om deg

  • gode kommunikasjons- og samhandlingsevner
  • tillitsskapande med høg integritet
  • fleksibel og endringsorientert
  • tydeleg og god på å prioritere
  • engasjert og nytenkjande
  • evne å motivere tilsette

Vi tilbyr

  • interessante og spennande arbeidsoppgåver
  • konkurransedyktig lønn
  • flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ
  • hjelp til å skaffe kommunal bustad
  • gode pensjons- og forsikringsordningar