Tenesteleiar institusjon

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Høyanger kommune Høyanger Fulltid

Om stillinga

Høyanger kommune er inne i ein omstillingsprosess innan tenesteområde Helse og omsorg. Omstillinga skal vere med på førebu organisasjonen på dei utfordringane og oppgåvene som vi møter framtida. Vi innførere eit nytt leiarnivå med tenesteleiarar og ein av desse er:

Tenesteleiar institusjon med ansvar for følgjande einingar:

  • Kyrkjebø sjukeheim
  • Høyanger sjukeheim
  • Produksjonskjøkken og ernæring

Som tenesteleiar vil du bli ein del av tenesteområdet si leiargruppe og vil aktivt samhandle med andre einingar i kommunen. Vi gjev stort rom for nytenking og initiativ, og ønskjer oss ein person som gjennom fagleg tryggleik og godt leiarskap medverkar til å vidareutvikle eit godt arbeidsmiljø .

Arbeidsoppgåver

· organisere og prioritere einingane sine tilbod og aktivitetar i samsvar med planar og vedtak i Høyanger kommune

· nytte einingane sine tildelte ressursar innan prioriterte oppgåver

· etablere og vedlikehalde gode rutinar for samhandling med andre einingar i kommunen og andre samarbeidspartar

· syte for at einingane sine gjeremål er kvalitetssikra gjennom rutinar for arbeidsfordeling, faglege og administrative prosedyrar og internkontroll

· overordna ansvar for at tilsette i einingane får opplæring og utvikling slik dette er fastlagd i planer og vedtak i Høyanger kommune

· lage budsjettframlegg for einingane si totale verksemd, og syte for at Høyanger kommune sine rutinar for budsjettarbeid og rapportering vert følgde

· delta i utviklingsarbeid

Kvalifikasjonskrav


  • relevant høgskule- eller universitetsutdanning på minimum bachelornivå. Særskild relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • relevant leiarerfaring
  • forståing for dei rammeverk som ein leiar i offentleg forvaltning må forhalde seg til
  • god forståing for tilhøvet mellom administrativt og politisk nivå
  • gode strategiske og analytiske evner
  • god økonomiforståing

Om deg

  • gode kommunikasjons- og samhandlingsevner
  • tillitsskapande med høg integritet
  • fleksibel og endringsorientert
  • tydeleg og god på å prioritere
  • engasjert og nytenkjande
  • evne å motivere tilsette

Vi tilbyr

  • interessante og spennande arbeidsoppgåver
  • konkurransedyktig lønn
  • flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ
  • hjelp til å skaffe kommunal bustad
  • gode pensjons- og forsikringsordningar