Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Teamleiar|Kunderådgjevar med kontorstad: Bergen eller Sogndal | Innovasjon Norge Vestland | Sogndal | Fulltid |
Innovasjon Norge Vestland søker etter ein utadvendt og ambisiøs medarbeidar som ønskjer å bidra i og for utvikling i landbruk, tilleggsnæringar og bioøkonomi generelt i heile Vestland. Bakgrunnen din er frå forvaltning/rådgjevning innan landbruksmiljøet, finansiell/økonomisk verksemd, gjerne frå bank eller liknende eller frå tilgrensande næringsliv. Du er god til å både kunne sjå mulegheiter i næringa, men og til å ha fokus på omstillingsbehovet og berekraft. Det viktigaste er likevel at du har stor glede av å bidra til godt samarbeid og at andre lykkast!
Arbeidsoppgåvene dine vil vere å samarbeide med kundar og samarbeidspartnarar i utvikling og vurdering av levedyktige gardsbruk.
Vi tilbyr finansiering og rådgjeving i tett samarbeid med dyktige kollegaer på våre kontorer lokalisert i hele Norge og i over 30 land. Du vil jobbe særlig tett med øvrige rådgivere innan landbruk i Vestland og fungere som ein fagleiar på området. Noko reiseverksemd må påreknast.