Sognekraft AS Hovedbilde

Vil du vere med på teknologiutvikling i eit energikonsern?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Systemutviklar Sognekraft AS Vik Fulltid
Sognekraft AS Logo

Sognekraft AS

Røysavegen 1
6893 Vik i Sogn
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Vegard Bolstad
90519573

Søknadsfrist

6. februar 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Konsernet Sognekraft vil bygge smarte teknologiske løysingar for å optimalisere drifta av kraftproduksjon og sikre straumforsyninga.

I samarbeid med kollegaer i dotterselskapa skal du finne gode løysingar som støttar deira forretningsområde, gjennom innsamling, analyse og framstilling av data. I dette arbeidet skal du finne moglegheiter for å automatisere oppgåver og gi betre grunnlag for avgjerder.

Stillinga inngår i ei tverrfagleg gruppe som jobbar tett på forretningsområda i konsernet. Du vil ha eigne prosjekt, men delta aktivt i samarbeidet i gruppa. Du kan ta initiativ til å teste ny teknologi for å forbetre applikasjonane. Vi har ein moderne teknologistack der bruk av Python, tidsseriedatabasar, grafiske presentasjonsverktøy og IoT løysingar er sentralt. Vi har bygd ut LoRaWAN nettverk langs Sognefjorden. Tenester basert på dette nettverket er integrert i nettselskapet Sygnir og Sognekraft Produksjon si verksemd. Sognekraft har truleg den mest samanhengande LoRaWAN-dekninga i Norge og vi har kome langt med datainnsamlinga i våre applikasjonar.

Arbeidsoppgåver

  • Innsamling, analyse og framstilling av data
  • Bruk av moderne maskinlæringsverktøy som PyTorch, TensorFlow eller liknande
  • Delta i utvikling og implementering sensorløysingar og protokollar for datainnsamling
  • Drift og vidareutvikling av vår LoRaWAN plattform
  • Delta i interne utviklingsprosjekt som KPI (nøkkeltalsindikatorar)

Kvalifikasjonskrav

  • Bachelor-/mastergrad innan tekniske fag som kybernetikk/data/elektronikk
  • Erfaring med programmering i Python eller liknande
  • Kjennskap til bruk av databasar og grafiske presentasjonsverktøy t.d. Grafana og Highcharts

Om deg

  • Nysgjerrig på digitale utfordringar
  • Evne til å setje seg inn i ny teknologi
  • Interesse for å utvikle framtidsretta løysingar
  • Gode kommunikasjons -og samarbeidseigenskapar

Vi tilbyr

Vi tilbyr spennande arbeidsplass i eit kompetansesterkt, inspirerande og uformelt arbeidsmiljø.

Kontorstad på ein våre kontorlokasjonar, fortrinnsvis Vik.

Ta kontakt med IKT-sjef Vegard Bolstad tlf. 90519573 eller produksjonsingeniør Jostein Orvedal på tlf. 46920848 dersom du har spørsmål.

Me ynskjer betre kjønnsbalanse i konsernet og oppfordrar generelt kvinner til å søkje. Send gjerne søknad med ein gong. Søknader blir behandla fortløpande. Både erfarne og nyutdanna kan søke, og du treng ikkje oppfylle alle krava for å bli vurdert.

Send søknad og CV til jobb@sognekraft.no så snart som råd eller innan 6. februar 2022.