Helse Førde Hovedbilde

Strategisk controller / økonomisjef

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Strategisk controller / økonomisjef Helse Førde Sunnfjord Fulltid
Helse Førde Logo

Helse Førde

Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Øystein Helleseth - Direktør Økonomiavdeling
+47 - 952 61 533

Søknadsfrist

31. august 2021 Søk på stillinga her

Om stillinga

Økonomiavdelinga i Helse Førde har omlag 20 tilsette og er organisert som eiga eining under Stabsområde. Avdelinga har ansvar for funksjonar som rekneskap, økonomistyring, budsjett og innkjøp.

Vi søkjer etter strategisk controller som skal ha eit overordna fokus på heile verdikjeda til helseføretaket. Tilsetting frå 01.10.2021 eller etter avtale.

Vi tilbyr eit godt og utfordrande arbeidsmiljø. Rett person vil få store moglegheiter til å påverke viktige utviklingsprosessar i organisasjonen. Stillinga gir også store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og læring.

Arbeidsoppgåver

  • Strategiske og operasjonelle vurderingar knytt til tilpassing av drifta i føretaket
  • Fagleg støtte til økonomifunksjonar
  • Vedlikehald og vidareutvikling av etablerte prosessar, rutinar og prosedyrar innan fagområdet
    økonomi i føretaket
  • Vidareutvikle system og rutinar for god styrings og leiingsinformasjon for linjeorganisasjonen
  • Deltaking på samordningsarenaer i Helse Vest konsernet innanfor økonomiområdet
  • Budsjett og økonomisk langtidsplan
  • Styrerapportering og rapportering til Helse Vest
  • Gi råd og støtte til økonomidirektør

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanningsretning: økonomi/rekneskap
  • Høgare relevant utdanning, gjerne siviløkonom/master
  • Relevant erfaring
  • Røynsle med utviklingsprosessar og endringsleiing større organisasjon
  • Initiativrik, prosessorientert, lyttande og tillitvekkjande med strategiske eigenskapar
  • Kompetanse i bruk av IT verktøy
  • God til å bygge relasjonar og til å kommunisere og med god gjennomføringsevne
  • Gode norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne

Om deg

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du tilpassar deg lett og er løysningsorientert og fleksibel
  • Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press
  • Du arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med kollegaer

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Helse Førde Kulturbilde