Høgskulen på Vestlandet Hovedbilde

Stipendiat i kroppsøving

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Høgskulen på Vestlandet Sogndal Fulltid
Høgskulen på Vestlandet Logo

Høgskulen på Vestlandet

Inndalsveien 28
5063 Bergen
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Gunn Engelsrud
57676034

Søknadsfrist

9. januar 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Dette er Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca 110 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord.

Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er og ansvarleg for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.

Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i bachelorutdanningar innan idrett, fysisk aktivitet, friluftsliv og folkehelse, barnehagelærarutdanninga og grunnskulelærarutdnningane. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til vidareutdanning og kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei stilling som stipendiat i kroppsøving ved Fakultet for lærerutdanning, kultur og idrett, campus Sogndal.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for lærerutdanning, kultur og idrett (FLKI), campus Sogndal, er det ledig ei åremålsstilling som stipendiat i kroppsøving.

Stillinga er retta mot utdanningsforsking med kroppsøving som kontekst. Kroppsøving er eit av grunnskulen sine gjennomgåande fag der LK 20 nyleg er innført som læreplan. Kroppsøving er og eit av masterfaga i grunnskulelærarutdanninga. Stipendiaten vil bli knytt til forskargruppa Læring, kroppsøving og friluftsliv.

Innan forsking om kroppsøvingsfaget, både nasjonalt og internasjonalt vert det peikt på nokre særeigne utfordringar, mellom anna at idrettskultur og idrettsdiskursar har hatt og har ein dominerande plass i kroppsøvingslærarutdanninga. Det gjeld både val av innhald, teori og undervisningsformer/didaktikk som er i bruk. Rekruttering til og marknadsføring av studiet viser ein tendens til at kroppsøving er gjort usynleg som skulefag. Denne stipendiatstillinga er difor retta inn mot å undersøke problemstillingar som omhandlar kroppsøving som skule- og lærarutdanningsfag, der det å utvikle kunnskap om innhaldet i utdanninga og samarbeidet mellom lærarutdanningsinstitusjonar og skular er sentralt. Føremålet er å auke tilfanget av profesjonsrelevant kunnskap med utgangspunkt i data frå ulike arenaer og aktørar i lærarutdanninga. Det er særleg relevant å undersøke kva kunnskapsposisjonar som eksisterer i dei ulike møta mellom studentar, undervisarar ved høgskulen og ulike aktørar i skulepraksis. Det gjeld til dømes spørsmål om korleis språket vert brukt, korleis den kroppslege læringa vert praktisert, og kva kunnskapsformer som vert verdsett og gyldiggjort i kroppsøving som skule- og lærarutdanningsfag.

Det vert søkt etter ein stipendiat som kan utforme ei prosjektskisse ut ifrå følgjande hovudproblemstillingar:

  • Kva handlingar, møter og språkbruk kan identifiserast hjå aktørane som er ein del av studentane sin læringspraksis i lærarutdanning og profesjonsfeltet sitt praksisfellesskap?
  • Kva problemstilling eksisterer og kjem til uttrykk i studentane sine møte med ulike læringskontekstar og aktørar?


Problemstillingane er førebles opne og vil bli utvikla av den som vert tilsett i stipendiatstillinga. Prosjektet sitt mål er også å bidra til at kunnskapen som vert utvikla har eit analytisk nivå, og bidreg til teoriutvikling innan kroppsøvingsfaget. Det er planlagt å knytte masterstudentar til prosjektet.

Stipendiatprosjektet må vere tematisk, metodisk og teoretisk relevant for fakultetet sin forksingsverksemd og for Ph.d.-programmet "Studier av danning og didaktiske praksisar".

Fakultetet si forsking er organisert i tre forskingssenter, fem strategiske forskingsprogram og 50 operative forskargrupper. Sjå oversikt over forskingsorganiseringa ved fakultetet Forskingsprogram ved FLKI.

Ph.d.-programmet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" omfattar om lag 60 stipendiatar som alle er i gang med sitt ph.d.-prosjekt. Sjå omtale, studieplan og opptaktskrav for programmet Studiar av danning og didaktiske praksisar.

Samla stipendiatperiode er fire år med 25% undervisning og rettleiing. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett har arbeidsplassen sin ved HVL, campus Sogndal i tilsettingsperioden.

Stipendiatstillingar er rekrutteringsstillingar som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved HVL.

Oppstart i stillinga 01.08.2022.

Arbeidsoppgåver

I tillegg til å gjennomføre ph.d.-prosjektet er det forventa at stipendiaten:

  • Bidreg konstruktivt inn i forskargruppa
  • Presenterer eigen forsking skriftleg og munnleg i ulike fora, inkludert på nasjonale og internasjonale vitskaplege konferansar
  • Legg fram planar for mogeleg opphald ved eit utanlandsk universitet
  • Undervising og rettleiing av studentar


Det er ein føresetnad at stipendiaten vert teke opp på ph.d.-programmet «Danning og didaktiske praksisar» ved HVL. ONærmare informasjon om doktorgradsprogrammet finn ein på https://www.hvl.no/studier/studieprogram/2021h/phd/. Søknad om opptak til dette ph.d.-programmet skal først sendast etter eventuell tilsetting. Seinast 3 månader etter tilsetting må stipendiaten vere teke opp på ph.d.-programmet. Stipendiaten vert oppmoda om å søkje utanlandsopphald i løpet av stipendiatperioden.

Kvalifikasjonskrav

Søkjarar må ha mastergrad med karakteren B eller betre innan kroppsøving eller tilsvarande. Søkjarar med mastergrad frå andre fag som kan dokumentere god kjennskap til tematikken i utlysinga, t.d. gjennom fagleg vinkling på masteroppgåva, kan vurderast som kvalifserte. Mastergrad må vere oppnådd ved søknadsfristen.

Ønska kvalifikasjonar:

Det er ønskjeleg at stipendiaten har erfaring frå undervisning i kroppsøving, har oppdatert kunnskap om forskings- og fagdebattar i faget, og har noko erfaring frå vitskapleg publisering.

Om deg

Den som vert tilsett må ha gode samarabeids- og formidlingsevner, samt ha evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høg etisk medvet i forskingsarbeidet er påkravd, særleg gjeld dette når personar innan eiga utdannignsfelt vil inngå som deltakarar i dataproduksjonen.

Søkjarar må leggje ved ei mellombels prosjektskisse på 5 sider som presenterer og grunngjev tema med forankring i forskingslitteraturen på feltet, problemstilling og val av teori og metodisk tilnærming for eit potensielt prosjekt. Denne vert brukt i vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten og vil ikkje vere den endelege prosjektskissa.

Den endelege prosjektskissa vil bli utarbeida i samarbeid med tildelt rettleiar når ein søkjer opptak til doktorgradsprogrammet. Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter ein eventuell tilsetting. Seinast 3 månader etter tilsetting må stipendiaten vere teke opp på ph.d.-prgrammet "Studier og danning av didaktiske praksisar" ved Fakultet for lærerutdanning, kultur og idrett.

Det er ein føresetnad at stipendiaten oppfyller krava for opptak til Ph.d.-studiet:

  • Søkjar må ha fullført mastergrad, hovudfag eller tilsvarande og kunne dokumentere gode studieresultat. Normalt vil det vere ein føresetnad at søkjar har følgjende karakter:
    - Masteroppgåve eller tilsvarande: Karakter normalt B eller betre
    - Masterstudie; gjennomsnitt for studiedelen: Karakter normalt B eller betre


Søkjarar med mastergrad utan pedagogisk eller didaktisk komponent må dokumentere minimum 5 st.p. pedagogisk utdanning eller 1 års heiltidspraksis frå pedagogisk/didaktisk arbeid.

Bedømmingskomité:

Søkjarar til stipendiatstillingar vert vurdert av ein bedømmingskomité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og andre krav fastsett i utlysinga. På bakgrunn av komitéen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju.

Vi tilbyr

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida


Stillinga som stipendiat vert lønna i stillingskode 1017- Stipendiat, lønstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå lønna vert det trekt 2 % innskudd til Statens pensjonskasse. Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ei kvar tid gjeld for stilling.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder;

  • masteroppgåva/hovudfagsoppgåva
  • inntil fem vitskapelege arbeid du ønskjer å ha med i vurderinga
  • fullstendig publikasjonsliste
  • prosjektskildring
  • attestar og vitnemål

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overskridar 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit at du vil søkje stipendiatstilling. Dersom du ikkje har fått svar frå NOKUT innan søknadsfristen, leggjer du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har motteke søknaden din.

Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget/råd ved Høgskulen på Vestlandet.

Søknadene vert sendt elektronisk til bedømmingskomitéen.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista vert handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, vert varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Professor Gunn Engelsrud, tlf.: 57 67 60 34, e-post: gunn.helene.engelsrud@hvl.no

2) Assisterande instituttleiar Ane Solbraa, tlf.: 909 53 275, e-post: ane.solbraa@hvl.no

Høgskulen på Vestlandet Kulturbilde