Luster kommune Hovedbilde

Spesialpedagog - barnehage

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Luster kommune Luster Deltid

Om stillinga

Det vert ledig 72 % fast som spesialpedagog ved Luster oppvekstsenter, avd.barnehage frå 01.08.2022.

Vår barnehage har 36 plassar fordelt på 2 avdelingar. I tillegg vil me opprette ei ny, mellombels avdeling frå hausten 2022.

Fokusområder hjå oss er inkluderande leikemiljø, fysisk og psykisk helse samt friluftsliv.
Det er ca 20 tilsette ved oppvekstsenteret, ca.9 av dei i barnehagen.

Barnehagen deltek i eit toårig kompetanseutviklingstiltak, ReKom, i samarbeid med HVL. Skulen deltek i eit toårig kompetanseutviklingstiltak, DeKom, i samarbeid med HVL.

Oppvekstsenteret ligg flott til mellom omsorgssenter, camping, daglegvarebutikkar og Dale kyrkje ved Lustrafjorden. Me har fleire fine turområder nær oss, eit godt fagmiljø og me er opptekne av barn sine rettar.

Vår visjon:

Luster oppvekstsenter - ein god stad å vere, leike og lære.

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning som spesialpedagogikk eventuelt anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.

Om deg

  • auge for det einskilde barn
  • tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setje grenser
  • har god leikekompetanse saman med barn både ute og inne
  • gode samarbeidsevner
  • vere fleksibel og skape gode relasjonar til både born, foreldre og medarbeidarar
  • fleksibel og løysingsorientert i ein travel kvardag
  • kjenner seg heime i visjonen vår
  • ønskje om å bidra positivt i arbeidsmiljøet vårt
  • evne til å lære noko nytt og utvikle ny gjerekompetanse innanfor arbeidsfeltet

    Menn vert oppmoda om å søkje.

Vi tilbyr

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Luster kommune Kulturbilde