Sjukpleiar - Interkommunale helsetenester

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Stad kommune Stad Deltid

Om stillinga

Interkommunale helsetenester ved Nordfjord sjukehus har ledig:
86 % fast stilling, inkl. 10% frie timar som sjukepleiar frå 01.08.2022.40% fast stilling som sjukepleiar frå 01.08.2022. Kan kombinerast med fast stilling ved andre einingar i Stad kommune.Stillingane har tredelt turnus, og arbeid to av sju helgar med langvakter.
Stad kommune er vertskommune for interkommunale helsetenester. Eininga omfattar legevakt, legevaktformidling og øyeblikkelig hjelp døgneining. Tenesta dekkjer kommuane Stryn, Stad og delar av Kinn (tidlegare Vågsøy kommune).
Sjukepleiarane ved dei interkommunale tenestene/ØHD arbeider i team og tett opp mot lege i vakt. Som sjukepleiar vil du ha mange spennande og utfordrande oppgåver og arbeider både på sengepost og med legevaktformidling. Nordfjord legevakt er bemanna av fastlegane i Nordfjord. ØHD har også ansvar for å gje eit akutt tilbod til pasientar med rusutfordringar og psykisk sjukdom. Det er ein fordel med interesse og erfaring frå dette fagfeltet.

Arbeidsoppgåver

  • Observasjon, pleie og behandling på sengepost
  • Kontakt ut mot samarbeidskommunane for planlegging ved utskriving
  • Medikamenthandtering
  • Legevisitt
  • Ansvar for oppfølging av brukarar av medisinsk heimeoppfølging
  • Rettleiing/rådgjeving og triage på telefon
  • Tilrettelegging og assistering ved skader/traumer
  • Utrykking med legevaktbil
  • Prøvetaking
  • Vaksinasjon

Kvalifikasjonskrav

  • Sjukepleier med interesse for akuttmedisin
  • Fordel med erfaring frå akuttmedisin
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Førerkort kl B

Om deg

  • Arbeider godt både i team og sjølvstendig
  • God til å kommunisere og takle stress i akutte og krevjande pasientsituasjoner
  • Ansvarsbevisst
  • Strukturert og nøyaktig
  • Engasjert og endringsvillig
  • Er fleksibel
  • Likar utfordringar i arbeidskvardagen

Vi tilbyr

  • God opplæring
  • Øving i akuttmedisinsk ferdigheit
  • Kollega med god kompetanse
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver


Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månadar prøvetid.