Sjukepleiar/Vernepleiar - vikariat ved Bu- og omsorgstenesta

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Sjukepleiar/Vernepleiar - vikariat Gloppen kommune Gloppen Fulltid
Gloppen kommune Logo

Gloppen kommune

Grandavegen 9
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Iren Knutsen Utheim
578 83 800

Søknadsfrist

20. mai 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Gotatoppen er omsorgsbustadar med bemanning heile døgnet med 3 avdelingar - Lyngtunet, Bregnetunet og Plassen - med 8 brukarar på kvar avdeling.
Det blir lagt vekt på godt arbeidsmiljø og god kvalitet i tenestene.

Vi har ledig 100% vikariat for sjukepleiar/vernepleiar i perioden frå snarast til 01.09.23

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene består av personleg og praktisk hjelp, helsehjelp og miljøarbeid med tilpassa aktivitetar i forhold til demensomsorg/alderspsykiatri med fokus på ei personsentrert omsorg, primærkontaktansvar og samarbeid med pårørande.

Kvalifikasjonskrav

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • Det er ønskjeleg med praksis frå demensomsorg/alderspsykiatri.

Om deg

  • Vår nye medarbeidar må ha interesse for demensomsorg/alderspsykiatri og kunne formidle tryggleik og ro.
  • Vi søkjer etter ein ansvarsbevisst medarbeidar med evne til samarbeid, som kan jobbe både sjølvstendig og i team.

Vi tilbyr

  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
  • Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
  • Stillingane er organisert i årsturnus