Sjukepleiar/vernepleiar ved Gotatoppen, fleire stillingar

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Gloppen kommune Gloppen Fulltid
Gloppen kommune Logo

Gloppen kommune

Grandavegen 9
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Eva Skrivervik-Alme
48894818

Søknadsfrist

20. februar 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Gotatoppen er omsorgsbustadar med bemanning heile døgnet med 3 avdelingar - Lyngtunet, Bregnetunet og Plassen - med 8 brukarar på kvar avdeling.
Det blir lagt vekt på godt arbeidsmiljø og god kvalitet i tenestene.

Ledige stillingar ved Gotaoppen:
1 100% fast stilling for sjukepleiar/vernepleiar-ledig omgåande.
1 100% fast stilling for sjukepleiar/vernepleiar-ledig 1.3.22
1 100 % fast stilling for sjukepleiar/vernepleiar-ledig 1.9.22
1 100% vikariat for sjukepleiar/vernepleiar i perioden 20.05.22- 01.08.23

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene består av personleg og praktisk hjelp, helsehjelp og miljøarbeid med tilpassa aktivitetar i forhold til demensomsorg/alderspsykiatri med fokus på ei personsentrert omsorg, primærkontaktansvar og samarbeid med pårørande.

Kvalifikasjonskrav

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • Det er ønskjeleg med praksis frå demensomsorg/alderspsykiatri.

Om deg

  • Vår nye medarbeidar må ha interesse for demensomsorg/alderspsykiatri og kunne formidle tryggleik og ro.
  • Vi søkjer etter ein ansvarsbevisst medarbeidar med evne til samarbeid, som kan jobbe både sjølvstendig og i team.

Vi tilbyr

  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
  • Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
  • Stillingane er organisert i årsturnus