Vi har ledig 80 - 100 % fast stilling som sjukepleiar på natt, med oppstart 1. september.
Arbeidsoppgåver
Den tilsette skal utføre sjukepleiaroppgåver i heimetenesta. Det er ansvar for administrering av medisin, stell og pleie i heimen, i samarbeid med pasient og pårørande.
Arbeid kvar 3. helg
Kvalifikasjonskrav
Godkjent utdanning som sjukepleiar
Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Førarkort for personbil
Om deg
Vår nye medarbeidar må vere ansvarsbevisst, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i eit arbeidsfellesskap.
Det vert lagt vekt på at medarbeidar er endringsdyktig, fleksibel og har ei reflektert holdning i praksis.
Vi ønskjer ein person med godt humør, som trivast med utfordringar og varierte arbeidsoppgåver på natt.
Vi tilbyr
Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Moglegheit for auka stillingsprosent , 80-100%
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.