Sjukepleiar i Heimetenesta - fast vikar

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Gloppen kommune Gloppen Fulltid
Gloppen kommune Logo

Gloppen kommune

Grandavegen 9
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Cecilie M. Helgheim
578 83 800

Søknadsfrist

26. juni 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

80 % fast stilling som sjukepleiar, fast vikar, i Gloppen heimeteneste med arbeid dag/kveld og 3. kvar helg på natt, fortida ved Sandane heimeteneste.

Heimetenesta er inndelt i 3 avdelingar; Hyen, Breim og Sandane.
Næraste leiar vil vere avdelingsleiar Kari Ann Krogh ved Sandane heimeteneste.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene er stell og pleie, administrering av medisinar, og tilrettelegging og vegleiing av ulike sjukepleieoppgåver

Kvalifikasjonskrav

  • Godkjent utdanning som sjukepleiar.
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Førarkort for personbil

Om deg

  • Våre nye medarbeidarar må vere ansvarsbevisst, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i team.
  • Det vert lagt vekt på endringsvilje, fleksibilitet og reflektert haldning i praksis.
  • Vi ønskjer ein person med godt humør og som trivast med utfordingar ein variert arbeidsdag.

Vi tilbyr

  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
  • Det må leggast fram tilfredsstillande politiattest før tiltreding.