Om stillinga
Avdeling Oreteigen har ledig ei fast 100 % stilling i turnus, med tilsetting frå snarast.
Oreteigen er ei bueining med 28 omsorgsbustader med heildøgnsbemanning,
Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte og dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Vi har pasientar med mange diagnoser og komplekse sjukdomsforløp, som set krav til god tverrfagleg kompetanse og høg kvalitet i arbeidet vårt.
Våre verdier er: Respekt, Kunnskap og Omsorg
Arbeidsoppgåver
- Utføre heilhetleg og personorientert pleie og omsorg til pasientane.
- Gje individuell tilpassa teneste til pasienten i samhandling med resten av personalgruppa
- Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse.
- Opplæringsansvar overfor medarbeidarar / studentar
Kvalifikasjonskrav
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Beherske norsk skriftleg og muntleg
- Har god og generell IKT- kunnskap og kan tileigne deg fagsystem som blir brukt i kommunen
Om deg
- Ein trygg og stabil medarbeidar, med sunne verdiar og haldningar
- Er ansvarsbevisst, lojal og fleksibel
- Ser sjukepleiarrolla i samspel med andre kollegaer i eininga og er trygg i ansvarsrolla for pasientane.
- Har gode kommunikasjonsferdigheiter og er løysningorientert
- Trives med endringar og nytenking
- Gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvtendig, strukturert og målretta i ein hektisk kvardag
- Ha erfaring frå sjukehus/ institusjon i kommunen
Vi tilbyr
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
- For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader
- Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding
WebC-id: 4548766826