Helse Førde Hovedbilde

Vi søker leiar til Sterilsentralen ved Førde sentralsjukehus

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Seksjonsleiar for Sterilsentralen Helse Førde Sunnfjord Fulltid
Helse Førde Logo

Helse Førde

Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Robert Brennersted
410 44 779

Søknadsfrist

17. juli 2022

Om stillinga

Sterilsentralen høyrer til Avdeling for akuttmedisin (AAM) i Kirurgisk Klinikk, og hovudoppgåva er å levere sterile instrument til operasjonsverksemda ved Førde sentralsjukehus.

Seksjonsleiaren inngår i leiargruppa i AAM. Det er ny sterilsentral under bygging , og den nye sentralen får ny, moderne, maskinpark og skreddersydde lokaler. I samband med ny sterilsentral vil eininga få nye oppgåver og meir heilskapleg forløp på reprosessering av kirurgiske instrument og endoskop.

Sentralen har for tida 10 tilsette, og drifta går til kl. 18 på kvardagar og enkelte helligdagar. Sterilsentralen tilbyr fagleg oppfølging, men har ikkje ansvar for sterilsentralfunksjonen ved sjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for drift av sterilsentralen (fag, personal, økonomi)
  • Delta i tenesteutvikling som følge av arbeidet med Nye Førde sjukehus
  • Tett samarbeid med andre avdelingar i Helse Førde, og sterilsentralane i Helse Vest

Kvalifikasjonskrav

  • Spesialsjukepleiar, fortrinnsvis operasjonssjukepleiar
  • Ønskjeleg med kompetanse på instrumentreinhald og sterilsentraldrift

Om deg

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet og kvalitet for pasientane våre
  • Du er tydeleg og strukturert som leiar
  • Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.