Hyllestad kommune Hovedbilde

NAV Hyllestad treng rettleiar

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Rettleiar NAV Hyllestad kommune Hyllestad Fulltid

Om stillinga

Hyllestad kommune har ledig fast 100 % stilling som rettleiar ved NAV Hyllestad.
NAV Hyllestad er eit partnarskap mellom NAV Vestland og Hyllestad kommune. NAV-kontoret i Hyllestad har i dag 3 årsverk, og har kontorfasilitetar i kommunehuset på Hyllestad. Vi har ledig to x 100 % stilling som rettleiar der ein vil bli tilsett på kommunale vilkår.

Arbeidsoppgåver

  • I tillegg til den statlege tenestemenyen og tenester etter lov om sosiale tenester i NAV, har kontoret ansvar for Husbankordningane startlån, bustadtilskot og bustønad, samt introduksjonsprogrammet og elles koordinering innan flyktningområdet.


NAV skal gje menneske mogelegheiter, og vårt hovudmål er å få fleire i arbeid. NAV er inne i ein omfattande og spennande moderniserings- og endringsfase. Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement som søkjer meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver, og som kan nyttiggjere seg potensialet som ligg i dei digitale framstega for å levere gode tenester.

  • Behovsavklaring og individuell oppfølging med fokus på utdanning, arbeid, aktivitet, meistring og sjølvstende.
  • Bruke relevant regelvert i rettleiing og i sakshandsaming.
  • Knyte kontaktar og oppretthalde gode samarbeidsrelasjonar med arbeidsgjevarar, tiltaksarrangørar og andre samarbeidspartnarar både internt og eksternt.
  • Publikumsmottak.
  • NAV er i omstilling, noko som kan medføre endringar i både oppgåver og arbeidsområde.

Kvalifikasjonskrav

  • Høgare utdanning på bachelornivå innanfor sosialt arbeid, sosiologi eller arbeids- og velferdsfag, andre utdanningsretninga kan òg vurderast som aktuelle. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • God munleg og skriftleg framstillingsevne.
  • God digital kompetanse og evne til å sette deg inn i nye arbeidsverktøy.
  • Det er ønskjeleg at du har erfaring med heilskapleg oppfølging og erfaring knytt til å hjelpe arbeidssøkjarar i prosessen mot ny jobb og/eller å finne gode løysingar for å behalde arbeid.
  • Har kunnskap om offentleg forvaltning og innsikt i NAV sine tenester.
  • God kjennskap til arbeidslivet, både privat og offentleg sektor.

Om deg

  • Vi ser etter deg som har god forståing for arbeids- og velferspolitikken i eit samfunnsperspektiv, og som



  • har eit sterkt engasjement for samfunnsoppdraget til NAV, og tru på at alle menneske trass utfordringar kan få og behalde arbeid
  • er god på motivasjons- og endringsarbeid med menneske og verdset brukarmedverknad
  • er målretta, strukturert og arbeider systematisk med god kvalitet i sakshandsaminga
  • har stor arbeidskapasitet og evne til å handtere komplekse problemstillingar
  • er tydeleg, løysingsorientert og har gode kommunikasjons- og samhandlingsevner
  • tek ansvar for eiga utvikling og medverkar til utvikling av andre sin kompetanse i kontoret og i regionen

Vi tilbyr

  • Moglegheit til å kunne gjere ein forskjell i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag.
  • Opplæring i arbeidsoppgåvene.
  • Fagleg utvikling i ein organisasjon i omstilling.
  • Fleksitidsordning.
  • Løn etter tariff.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP (2 % av løna vert trekt til pensjon).
  • Hjelpt til å finne bustad om det er naudsynt.
  • Bustadtilskot til førstegangsetablerarar.
  • Reduserte betalingssatsar i barnehagen.
  • Gratis trening i Hyllestadhallen (styrke- og spinningsrom).
Hyllestad kommune Kulturbilde