Luster kommune Hovedbilde

Rådgjevar

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Luster kommune Luster Fulltid

Om stillinga

Luster kommune har ledig fast heil stilling som rådgjevar i staben for sørvis og driftsstøtte i sentraladministrasjonen.

Arbeidsoppgåver

  • Stillinga vil vera knyta til kommunen si økonomi- og dokumentforvaltning.
  • Det ligg an til at stillinga får delte arbeidsoppgåver mellom økonomi og arkiv.


Mest aktuelt er:

  • Daglege økonomioppgåver, budsjett/rekneskap og innkjøp.
  • Daglege arkivoppgåver, journalføring og innsynshandtering.
  • Brukarstøtte til tenesteeiningane på oppgåveområda.
  • Fordeling og dimensjonering av arbeidsoppgåver er til vurdering i samband med organisasjonsutvikling. Detaljert innhald i stillinga vil bli nærare tilpassa etter behov og kvalifikasjonane til den som vert tilsett.

Kvalifikasjonskrav

Ønskte kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning på høgskule- og/eller universitetsnivå.
  • Praksis frå offentleg forvaltning.
  • Kunnskap om kommuneøkonomi.
  • Erfaring frå bruk av NOARK-basert elektronisk arkiv- og sakshandsamingssystem
  • Gode IKT ferdigheiter og interesse for digitale løysingar.
  • Du likar å jobba med driftsoppgåver, detaljar og rutinearbeid.
  • Du må gjerne ha erfaring frå arbeid i prosjekt
  • Du er omstillingsdyktig og fleksibel.
  • Luster kommune er nynorskkommune, så du må meistre målforma nynorsk.

Om deg

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som evne til systematisk og målretta arbeid, løysingsorientering, samarbeid og kommunikasjon.

Det vert kalla inn til intervju i tilsetjingsprosessen.

Vi tilbyr

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale
Luster kommune Kulturbilde