Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Rådgjevar personal- og organisasjonsutvikling | Sogndal kommune | Sogndal | Fulltid |
Har du lyst til å bidra til at Sogndal kommune er ein profesjonell og attraktiv arbeidsgivar? Har du erfaring med å gi råd til leiarar? Har du god kunnskap om lov og avtaleverk for offentleg sektor? Er du interessert i å vidareutvikle personal- og organisasjonsprosessar og ha eit strategisk blikk på arbeidet ditt?
I så fall vil du få ei sentral rolle i arbeidet med å vidareutvikle vår organisasjon og vår kultur slik at vi står godt rusta til å møte oppgåvene for framtida.
Eininga for personal- og organisasjonsutvikling bidreg til utvikling av medarbeidarar, leiarar og organisasjon og har samtidig ansvar for å levere profesjonelle HR-prosessar. Vårt område er i utvikling; ikkje minst knytt til digitalisering der vårt fagfelt er sentralt. Eininga løyser oppgåver i lag i ein moderne, fleksibel og dynamisk organisasjon.
Me ser etter deg som er erfaren innan leiar- og organisasjonsutvikling og samspelet mellom desse områda. Me trur du er ein sterk fagperson med interesse for teknologi og har eit ønskje om å jobbe tett med leiarar i ein organisasjon i utvikling.
Rådgjevar i personal- og organisasjonsutvikling vil bistå tilsette og leiarar med råd og støtte innan bla. fagområda lov- og avtaleverk, utviklingsprosessar og rekruttering, slik at dei når sine verksemdsmål og prioriterte planar.
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar i vurderinga til stillinga.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Send søknad