Høgskulen på Vestlandet Hovedbilde

Fast stilling i 100% ved Avdeling for økonomi

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Rådgjevar innkjøp Høgskulen på Vestlandet Bergen Fulltid
Høgskulen på Vestlandet Logo

Høgskulen på Vestlandet

Inndalsveien 28
5063 Bergen
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Fagansvarleg innkjøp Børt Helge Carlsen
915 95 745

Søknadsfrist

12. august 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Det er ledig ei 100% fast stilling som rådgjevar innkjøp ved Avdeling for økonomi frå august 2022. I tillegg kan det bli aktuelt å tilsette i ei mellombels stilling i 1 år frå august 2022.
Innkjøpsavdelinga i Bergen består av fire medarbeidarar og er organisert under Avdeling for økonomi (fellesadministrasjonen).
Arbeidsstad er ein av HVL sine fem campus.

Arbeidsoppgåver

Stillinga vil vere knytta til høgskulen sitt innkjøpsområde og sentrale arbeidsoppgåver vil blant anna vere kunngjering av anskaffelsar og anbod, kontraktsforhandlingar samt implementering og oppfølging av kontraktar for enkeltkjøp og rammeavtalar. I anskaffelsane samarbeidar ein med høgskulen sine fagmiljø og andre avdelingar. Informasjon og opplæring internt i høgskulen samt utarbeiding og oppfølging av styrande dokument innanfor innkjøpsområde ligg óg til innkjøpsavdelinga.
Andre arbeidsoppgåver må óg kunne påreknast.

Kvalifikasjonskrav

Søkjarar må ha høgare utdanning på minst masternivå innanfor økonomiske eller juridiske fag eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene som stillinga skal dekkje.
Relevant erfaring med innkjøps- og kontraktarbeid og kunnskap om regelverk for offentleg anskaffelsar er ein fordel, men nyutdanna er og velkomen til å søkje.

Om deg

Den som vert tilsett må kunne jobbe systematisk, vere initiativrik og relasjonsskapande. God skriftleg og munnleg framstillingsevne, både på norsk og engelsk, er ein føresetnad.

Vi tilbyr

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Høgskulen på Vestlandet Kulturbilde