Rådgjevar innan friluftsliv og idrett

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Ullensvang kommune Ullensvang Fulltid

Om stillinga

Nasjonalparkkommunen Ullensvang er òg Noregs Friluftshovudstad! Her er alt lagt til rette for både det nære og det spektakulære friluftslivet, og vegen til dei minneverdige naturopplevingane er kort. Uansett om du går til dei høgaste toppane eller sitt på ein benk ved fjorden, kjem du tett på naturen og opplevingar som blir med deg vidare i livet.

Friluftshovudstaden er i ei spanande utvikling. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er regionssenter omkransa av sterke bygder. Oppdraget til kommunen er å levere gode tenester, vere ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling.


Me ynskjer deg som brenn litt
Me ynskjer å tilsetja eit drivande og engasjert menneske som brenn for friluftsliv og idrett. Arbeidet vil vere variert og ha eit grunnleggande positivt fokus på utvikling av kommunen. Du vil ha ansvar for kommunen si satsing på friluftsliv, jobbe med utviklinga av Jondal som nasjonalparklandsby og nasjonalparkane våre, samt utvikling av anlegg for idrett.


Arbeidsoppgåver:

Hovudoppgåva vil vere å leggje til rette for idrett og friluftsliv. For 2022 er det budsjettert 1 mnok til ulike friluftsprosjekt. Prosjektplanen for Friluftshovudstaden finn du her: https://ullensvang.kommune.no/wp-content/uploads/2021/06/Friluftshovustaden-prosjektskisse-vedteken-av-kommunestyret.pdf

Du vil vere sentral i å ta dette arbeidet vidare.

Innan utvikling av idrettsanlegg er det sett av 2,5 mnok i 2022. Her er Idrettsrådet og idrettslaga sentrale samarbeidspartar.

Andre arbeidsområde knytt til stillinga:

  • Ullensvang er ein stor nasjonalparkkommune. Du vil bli involvert i forvaltning og utvikling av nasjonalparkane Hardangervidda og Folgefonna. Her vil du samarbeide med vår verksemd for plan/samfunnsutvikling og nasjonalparkforvaltar/styre.

Jondal har status som nasjonalparklandsby. Ein nasjonalparklandsby skal ha eit godt vertskap for natur- og kulturopplevingar og vera ein god plass å bu. I stillinga ligg ansvar knytt til oppfølging av dette målet.


Ynskte kvalifikasjonar:

  • Relevant erfaring med arbeid innan friluftsliv, reiseliv og prosjektleiing.
  • Relevant høgskuleutdanning er ynskjeleg, men ikkje eit krav dersom søkjar kan syne til særs god realkompetanse og erfaring.
  • Gode evner til skriftleg, munnleg og visuell presentasjon
  • Administrasjonsspråket i Ullensvang kommune er nynorsk

Eigenskapar:

  • Ynskje om å delta aktivt i utviklinga av den nye kommunen
  • Evne til å arbeida systematisk
  • Særs gode gjennomføringsevner
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fleksibilitet og positiv innstilling
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Me tilbyr:

  • Fast 100 % stilling
  • Varierte og spanande arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø
  • Gode moglegheiter for å utvikla kommunen, tenesta og eigen kompetanse
  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår


Link til søknadsskjema: Send søknad